To eller fleire eigedomar som ligg i samme kommune og som har same heimelshavar kan samanføyast dersom vilkåra i matrikkellova §18 og matrikkelforskrifta §43 er oppfylt.
Festetomtar kan slåast saman dersom dei ligg til, eller er utskilt frå, same grunneigedom og festekontraktene har same innhald og gjeld mellom same partar.
Samanslåing kan ikkje gjennomførast viss det vil føre til prioritetskollisjon mellom panthavarane. I kollisjonstilfelle må det tinglysast pantefråfall eller prioritetsvik på originale pantedokument samtidig med samanslåinga.
Kva må sendast til kommunen:
- Krav om samanslåing
- Dersom prioritetskollisjon: Prioritetsvik, pantefråfall eller sletting.
- Dersom festekontrakt, leigeavtale, forkjøpsrett: Utviding eller avgrensing av retten. Eventuell oppretting av festenummer må sendast inn før eller samtidig.
Publisert av Stine Senneset
Sist endra 02.11.2022 11.50