Eigenerklæring om konsesjonsfridom

Dersom ervervet av ein eigedom er konsesjonsfritt, er hovedregelen at ervervaren må sende inn eigenerklæring om konsesjonsfridom.

Ervervaren må sende erklæringa til kommunen for stadfesting/underskrift. Ervervaren må deretter sende den stadfeste eigenerklæringa til Kartverket for tinglysning av skøytet.

Eigenerklæring er ikkje nødvendig ved erverv av utbygd eigedom der arealet er mindre enn 2 dekar. Eigenerklæring er heller ikkje nødvendig ved erverv av dei fleste typar leiligheiter, og ved enkelte andre former for erverv.

 

Kva kan du erverve (kjøp, gåve, arv etc) konsesjonsfritt?

  • Utbygd eigedom som ikkje er større enn totalt 100 dekar og heller ikkje har meir enn 25 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord
  • Tomt som kommunen har lagt ut til bustad- eller fritidsformål, og erverv av ubebygd areal som i kommune- eller reguleringsplan er lagt ut til annet enn landbruksformål, er også som regel konsesjonsfritt. Det vil her vere vilkår om at tomten skal byggjast ut innan 5 år, og at
  • Erverv frå nær familie eller odel er som regel også konsesjonsfritt.

 

Når ervervet gjeld ein landbrukseigedom, kan konsesjonsfridomen på grunn av slektskap utløyse buplikt.

 

Skjema for «Eigenfråsegn om konsesjonsfridom ved tileigning /kjøp av fast eigedom m.v.», skal sendast til kommunen enten som fysisk papir i post, eller scanna som elektronisk post til e-post. Bilde av skjema vert ikkje godkjent som innsendt skjema.

Kontaktpersonar

Arealplanleggjar
 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset