Deling/oppretting av ny eigedom

Dersom ein vil dele frå ein tomt, eit tilleggsareal (meir enn 5 % av tomtearealet) eller etablere feste/-leigetomt for meir enn 10 år, må delinga godkjennast etter plan- og bygningslova før tomten kan målast opp.

Dersom ein vil dele frå ein tomt, eit tilleggsareal (meir enn 5 % av tomtearealet) eller etablere feste/-leigetomt for meir enn 10 år, må delinga godkjennast etter plan- og bygningslova før tomten kan målast opp. Tomten må ikkje vere i strid med gjeldande kommuneplan/reguleringsplan, og må tilfredsstille krava i plan- og bygningslova.

 

Frådeling av bustadtomt eller hyttetomt i LNF-område krev dispensasjonssøknad frå planformålet, og dersom tomten ligg innanfor 100 m-beltet langs sjø må det også søkjast dispensasjon frå pbl. §1-8 om forbod mot tiltak i 100 m-beltet langs sjø. Dispensasjonssøknaden må grunngjevast, og dersom kommunen skal innvilge dispensasjon må fordelane med dispensasjon vere klart større enn ulempene. Kommunen må sende søknaden til Fylkesmannen v/miljøvernavdelinga og Sogn og Fjordane fylkeskommune til uttale, og pliktar å fylgje råd frå overordna styresmakter.

 

Ligg tomten innanfor fareområde/aktsemdområde for skred eller flaum må det gjerast geotekniske undersøkingar før tomten kan delast frå til bustad- eller fritidsbustadføremål. Undersøkinga må utførast av fagkunnige, og grunneigar/søkjar må bere kostnaden med denne og eventuelle sikringstiltak.

 

Bustadtomtar må ha tilfredsstillande vegtilkome, vassforsyning og avlaupsløysing, og nødvendig areal til parkering og uteopphald.

 

Deling av tomtar i område avsett som LNF-område med opning for spreidd busetnad eller fritidsbusetnad kan det tillatast deling av inntil 3 tomtar før det vert krav om utarbeiding av reguleringsplan.

 

Kven som kan søkje om deling av ein grunneigedom:

  • Hovudregelen er at heimelshavar (som er oppført i matrikkel som eigar) kan søke.
    Gjeld det festetomt, må både heimelshavar og festar signere.
  • Ved frådeling av sameige, må alle heimelshavarar signere.
  • Søkjer ein på vegne av heimelshavar, må det ligge føre fullmakt frå heimelshavar om dette. Fullmakta må verte lagt ved søknaden.
  • Advokatar kan signere søknad utan fullmakt.
  • Ved dødsbu må skifteattest følgje søknaden - og - underskrifta må vere i samsvar med skifteattesten.
  • Når et firma er heimelshavar, må søknaden signerast av den eller dei som har fullmakt i følgje firmaattesten. Firmaattesten (ikkje eldre enn ½ år) må leggast ved søknaden.
   

Kva må sendast inn til kommunen:

 

  1. Skjema for rekvisisjon av "krav om matrikulering for søknadspliktige tiltak" / søknad om deling av grunneigedom. 
    Gnr/bnr og adresse for den eigedomen som skal delast må førast på.
    Det kryssast av i alle rubrikkar som opplyser om kva søknaden gjeld.
    Vert det søkt om dispensasjon, er det eigen avkryssing for dette. 
    Arealoppgåve på framsida må fyllast når det gjeld landbrukseigedomar.
    Søknaden skal verte signert av alle heimelshavarane.
  2. Nabovarsel. Naboar og gjenbuarar må varslast, og gjenpart av nabovarsel/kvittering må leggjast ved søknaden.
  3. Situasjonskart i målestokk 1:1000 som viser plassering av den omsøkte tomten 
    Naboliste og situasjonskart kan tingast frå kommunen.
  4. Vedlegg – Avkøyrsleløyve frå Statens vegvesen dersom tomten får avkøyrsle frå fylkesveg/riksveg.
  5. Vedlegg - Eventuelle nabomerknader med kommentarar frå søkjar.
  6. Vedlegg - Eventuell søknad om dispensasjon. NB. Nabovarsel må merkast m.o.t. dispensasjon.

 

I tillegg må søknaden innehalde:

  • Dersom det er behov for vegrett må vegen teiknast inn på situasjonskartet i 4 meters breidde.
  • Avtale om retten til tilkopling til private vass- og avlaupsleidningar dersom dette er aktuelt.
  • Dersom eigedommen treng ny avkøyrsle frå veg må denne markerast på situasjonskartet.
 

Saksgang

Når søknaden er registrert i kommunen blir det teke ein enkel gjennomgang av saka.
Er det manglar i saka, gjev vi tilbakemelding om det.
Om nødvendig innhentar kommunen uttale frå andre offentlige instansar, og sørgjer for eventuell politisk handsaming.
Gjeldande arealplan og plassering av tomten i høve sjø legg viktige premissar for om eigedomen kan verte delt eller ikkje.
 

Vedtak

Vedtaket vert sendt til søkaren med kopi til eventuelle partar som har hatt merknader til søknaden.
 

Klage

Vedtak som vert gjort i delesaker, kan verte påklaga av rørte partar (søkja og naboar). Det er tre veker klagefrist etter at vedtaket er gjort kjend.

 

Oppmåling

Når delingsløyve vert gjeve og klagefristen utgått, skal eigedomen målast opp og dei nye grensene settast ut.
Heimelshavar og eigarane til tilgrensande eigedomar får skriftleg varsel minst to veke før oppmålingsforretninga finn sted.
 

Erklæringar

Naudsynte erklæringar for veg, vatn - og avløpsleidningar må ligge føre før delinga vert gjennomført.
 

Oppmålingsforretning og protokoll

Under oppmålingsforretninga vert grensene påvist, godkjent og merka. Det vert ført ein protokoll der det går fram kven som møtte, om det var semje/usemje i påviste grenser og eventuelt andre tilhøve som kom opp under oppmålingsforretnig.

 

Målebrev

Etter oppmålingsforretninga, vert det utarbeid eit målebrev over den nye eigedomen, og der det er mogleg vert målebrev over opphavseigedomen ajourført.

 

Tinglysing

Kommunen sørgjer for tinglysning av målebrev og nødvendige erklæringar. Gebyr for oppmålingsforretninga og tinglysingsgebyr må vere betalt før kommunen sender målebrevet til tinglysing. Så snart det nye målebrevet er tinglyst, vert saka avslutta med at målebreva vert sendt rekvirenten eller den som har heimelen. Det ajourførte målebrevet vert normalt ikkje tinglyst.

Vi gjer merksam på at grunneigar må skrive skøyte og dette må tinglysast for at tomten skal få ny eigar. Ved innsending av skøyte må det leggjast ved eigenerklæring om konsesjonsfridom signert av kommunen, eller eventuelt konsesjonsvedtak dersom overdraginga krev konsesjon. Dette er ikkje naudsynt ved tileigning/kjøp av utbygd eigedom der tomta ikkje er større enn 2 dekar eller ved tileigning/kjøp av mindre areal som grensar til og skal leggjast til ei allereie eksisterande utbygd eller ikkje-utbygd tomt, når samtykke til frådeling av arealet er gjeve til dette formålet etter plan- og bygningslova og etter jordlova for landbrukseigedommar.

 

Handsamingstid

Søknad utan dispensasjon: maks 12 veker

Søknad med dispensasjon: ingen frist

Oppmålingsforretninga: 16 veker etter delingsvedtak (med unntak for vinterperioden)

Kontaktpersonar

Arealplanleggjar
 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset