Tiltak etter hamne og farvasslova

Bygging, graving, utfylling og andre tiltak i kommunen sine sjøområde krev løyve frå hamnekontoret i kommunen etter hamne- og farvasslova.

Slike tiltak er til dømes:

  • Fortøyingsinstallasjonar 
  • Kaier, bryggjer og moloar 
  • Bruer/luftspenn 
  • Utdjuping og dumping 
  • Akvakulturanlegg 
  • Opplag av fartøy 
  • Lyskjelder 
  • Kablar og rør på sjøbotnen


Kommunen kan ikkje gje løyve til tiltak som strid mot reglane gjeve i eller i medhald av hamne- og farvasslova.


Tiltaka krev også løyve etter plan- og bygningslova, og løyve etter hamne- og farvasslova kan ikkje gjevast i strid med vedtekne arealplanar utan at dispensasjon er innvilga.
Kommunen har plikt til å samordne handsaminga av slike søknader.


Dersom tiltaket er i hovudlei eller bilei, eller utanfor kommunen sitt sjøområde, må Kystverket godkjenne tiltaket.


Ved handsaming av søknaden skal det leggjast vekt på omsynet til god framkome og trygg ferdsel i farvatnet, omsynet til andre næringar, og omsynet til liv og helse, miljø og materielle verdiar. Det kan setjast vilkår for tiltaket, både om forundersøkingar om verknaden av tiltaket, utføring (utstyr og dimensjonering), tidsavgrensing, bruk, vedlikehald, miljøovervaking og fjerning og opprydding.


Kva må søknaden innehalde?


Grundig skildring av tiltaket og korleis det er tenkt utført. Søknaden må vere datert og signert. 


Kart i målestokk 1:1000 (evt. 1:5000) der tiltaket er teikna inn (målsett).
Når søknaden skal sendast til Kystverket må i tillegg eventuelle kommunale arealplanar som gjeld for området der tiltaket skal plasserast leggjast ved, i tillegg til eventuelle nødvendig dispensasjon frå planen.


Sakshandsamingsgebyr 


Til dekning av kommunen sine naudsynte kostnader knytt til handsaming av søknad om løyve etter Lov om
hamner og farvatn § 6 og §8 og føreskrifter gjeve i medhald av lova, skal tiltakshavar betale gebyr.


Saksbehandlingsgebyr, tiltak utan synfaring kr 2 000 pr. søknad.
Saksbehandlingsgebyr, tiltak med synfaring kr 4 000 pr. søknad.
 

Kontaktpersonar

Hamnesjef
 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset