Ulovleg bygging

Kommunen har etter plan- og bygningslova §32-1 plikt å forfylgje brot på reglar gjeve i eller i medhald av plan- og bygningslova.

Er brotet mindre vesentleg, kan kommunen avstå frå og forfølgje det ulovlege tilhøvet. Avgjerd om dette er ikkje enkeltvedtak.

 

Sjølv om det har gått mange år sidan eit bygg vart ulovleg sett opp, kan kommunen krevje det fjerna.

Kommunen kan gje pålegg om riving av eit ulovleg bygg sjølv om det er gått mange år sidan bygget vart ført opp og teke i bruk. Plan- og bygningslova inneheld ikkje reglar som gjer at kommunen sin rett til å krevje riving vert forelda.

 

Kva er ulovleg?

For å finne ut om eit byggjetiltak er lovleg eller ikkje, må ein ta utgangspunkt i dei byggjereglane som gjaldt når tiltaket vart sett i gong. Dersom byggjetiltaket var søknadspliktig når det vart ført opp, og det ikkje ligg føre løyve, er tiltaket ulovleg. Det same gjeld dersom tiltaket var meldepliktig når det vart ført opp og det er ført opp i strid med reglane for meldepliktige tiltak.
 

 

Sakshandsaming i kommunen.

Når kommunen får melding om ei sak, vil dei først sjå i byggesaksarkivet om det ligg føre eit byggeløyve. Er det ikkje gjeve løyve, vil kommunen tilskrive eigaren i saka.
Eigaren vil normalt bli spurt om å sende inn ein søknad. Når søknaden kjem inn til kommunen, skal kommunen handsame søknaden som om tiltaket ikkje allereie er utført.
 

 

Straffesaka vert forelda

Det er berre ulovleg bygging som straffesak som vert forelda.
Etter at ny bygningsdel i plan- og bygningslova er foreldingsfristen forlenga til fem år.


Etterfylgjande søknad

For ulovleg utførte tiltak er det naturleg at kommunen krev etterfylgjande søknad om løyve til tiltaket. Ein slik etterfylgjande søknad skal handsamast som om tiltaket ikkje står der og etter dei reglane som gjeld på avgjerdstidspunktet.
Dersom ein etterfylgjande søknad blir avslått, er utgangspunktet at tiltaket skal tilbakeførast til lovleg tilstand. Dersom kommunen meiner det ikkje er rimeleg å krevje slik tilbakeføring, må dette heimlast i plan- og bygningslova.
Det klare utgangspunktet er at ulovlege byggjetiltak skal tilbakeførast til lovleg tilstand, sjølv om det har gått fleire år sidan det vart ført opp.
 

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset