Ansvarsrett

Alt bygge- og anleggsarbeid som er søknadspliktig skal vere dekt med ansvar.

Ansvarsrett

Å ha ansvarsrett i byggesaker vil seie å ta på seg ansvaret for at byggearbeidet vert prosjektert og/eller utført i samsvar med plan- og bygningslova, forskrifter og føresegner.

For tiltaka i pbl. §20-1 som ikkje tiltakshavar kan stå føre sjølv (jf. pbl. §20-2) er det krav om at profesjonelle føretak har ansvaret (PBL§20-1).

 

Det er i hovudsak 3 ansvarsfunksjonar:

  1.  Ansvarleg søkjar (SØK).
  2. Ansvarleg prosjekterande (PRO).
  3. Ansvarleg utførande (UTF).

 

I tillegg kjem ansvarleg kontrollerande for prosjektering (KPR) og ansvarleg kontrollerande for utføringa (KUT) dersom det er krav om uavhengig kontroll.
I hovudsak er det bare godkjente firma (føretak) som kan få ansvarsrett.

Føretak som ikkje har sentral godkjenning for ansvarsrett må leggje ved dokumentasjon på kompetanse/kvalifikasjonar og referanser ved søknad om lokal godkjenning for ansvarsrett.

 

Ansvarleg søkar (SØK)

Søknaden må utformast av eit firma/føretak som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess og dokumentere at prosjektet er i samsvar med plan- og bygningslova m/forskrifter.
Ansvarleg søkjar kan til dømes vere ein arkitekt, bygningsingeniør eller ein byggmeister.

Det kan haldast førehandskonferanse med kommunen før søknad vert sendt inn, og ansvarleg søkjar må då delta på denne.

Ansvarleg søkjar må verte godkjent av kommunen.

  • SØK er ansvarleg for å sende inn ein komplett søknad.
  • SØK er kommunen sin kontaktperson - til ditt prosjekt.
  • SØK skal mellom anna sjå til at alle fagområda i tiltaket (byggjearbeidet) er dekt med ansvar.
  • SØK innhentar ofte dei naudsynte dokumenta som t.d. situasjonskart,  reguleringsføresegner og eventuell anna aktuell informasjon.

 

Ansvarleg prosjekterande (PRO)

All prosjektering innan fagområda i tiltaket skal utførast av ansvarleg prosjekterande føretak. Prosjekterande føretak utarbeider blant anna teikningar av byggjetiltaket og gjer dimensjonerande utrekningar i høve til plan- og bygningslovgjevnaden. Ansvarleg prosjekterande skal mellom anna kvalitetssikre og dokumentere at dei bygningstekniske reglane er tilfredsstilt, utarbeide situasjonsplan og koordinere grensesnitt mot andre prosjekterande føretak.

 

Ansvarleg utførande (UTF)

Ansvarlig utførande er den eller dei som skal utføre bygge-, rive- eller anleggsarbeida. Utførande har ansvar for kvalitetssikring av arbeida og sikre at tiltak vert utført i samsvar med prosjektering, løyve og eventuelle vilkår. Utførande skal også plassere tiltaket korrekt i terrenget og melde fra til ansvarleg søkjar om eventuelle endringar, og er også ansvarleg for gjennomføring av nødvendige sikringstiltak under utføringa av tiltaket.

 

Ansvarleg kontrollerande (KPR/KUT)

For viktige og kritiske oppgåver og fagområde er det sett krav til uavhengig kontroll, jf. Pbl. §24-1 og byggjesaksforskrifta §14.2. Det er då krav om ansvarleg kontrollerande føretak som skal kontrollere at prosjekteringa og utføringa fylgjer plan- og bygningslova, forskriftene og byggjeløyvet. Kontrollføretaket skal vere uavhengig av føretaket som utfører prosjekteringa eller arbeidet.

I fylgje byggjesaksforskrifta §14-2 er det krav om obligatorisk uavhengig kontroll for fylgjande område:

 

Tiltaksklasse 1:          

  • Våtrom - ved nybygging / søknadspliktig ombygging.
  • Lufttettheit - ved nye bustader.

 

Tiltaksklasse 2/3:       

  • Lufttettheit / bygningsfysikk
  • Konstruksjonstryggleik
  • Geoteknikk
  • Branntryggleik
  • Våtrom - berre ved bustader.

Kommunen kan i tillegg, etter ei konkret vurdering, også setje krav til uavhengig kontroll for andre fagområde.

 

Sjølvbyggjar

Skal du bygge eigen bustad, fritidsbustad eller garasje/uthus på bustadtomt, kan du søkje om ansvarsrett som sjølvbyggjar dersom du har kompetanse til å prosjektere og utføre tiltaket.

Det kan søkjast om personleg ansvarsrett for bygg, eller deler av bygg, med liten vanskegrad, på eigen tomt og til eige bruk. Dette gjeld ikkje for 2-manns bustad eller større bygg.

Ein kan søkje ansvarsrett for funksjonane søkjar (SØK), prosjekterande (PRO) og utførande (UTF) i tiltaksklasse 1. Det må dokumenterast at ein har kvalifikasjonar til å utføre arbeidet. Det vil ikkje vere krav til styringssystem for sjølvbyggjarrolla (SAK§10).


Ofte vil kommunane krevje at eit firma utfører bygningskontrollen
(KPR, KUT) når det vert gjeve personleg ansvarsrett innanfor områda SØK, PRO og UTF.

 

Søknad om personleg ansvarsrett for sjølvbyggjar må innehalde:

  1. Søknad om ansvarsrett (eige søknadsskjema).
  2. Dokumentasjon som viser at du er kvalifisert til å få ansvarsrett, til dømes:
    - Referansar med oversikt over tidlegare relevant erfaring, utdanning og   kurs.
    - Dokumentasjon av kvalifikasjonar til eventuell medhjelpar
    med signatur frå vedkomande om at denne skal hjelpe i dette tiltaket.
  3. Tilvising til kva godkjente løysingar som skal verte brukt i arbeidet, til dømes:
    - Liste på TEK-tilvisingar, NBI byggdetaljar, produktskriv ol.
  4. I tiltak der ansvaret er delt mellom sjølvbyggjar og profesjonelle føretak, må ansvarleg søkjar leggje fram gjennomføringsplan for dei aktuelle fagområda.

Det er ikkje nødvendig å sende inn gjennomføringsplan (SAK§5-3) for tiltak der ein sjølvbyggar (SAK§6-8) tek heile ansvaret for tiltaket.

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset