Brann kan førebyggjast, og dermed spare både menneskeliv og store materielle verdiar.
Brannførebyggjande arbeid er eit nasjonalt satsingsområde.
Informasjon, vegleiing, branntilsyn og pålegg skal hindre situasjonar som kan føre til brann.
Dersom det først brenn, skal bygningskonstruksjon og materialvalg bidra til at skadeomfanget vert minst mogleg.
Brannførebyggjande avdeling har som hovudoppgåve å førebyggje brann og andre ulykker. Førebyggjande verksemd kan vere alt frå synfaring og tiltak mot risikoobjekt, til kontrollar av utestadene i byen og tilsyn på kjøpesentra og bedrifter eller informasjon til innbyggjarane om korleis dei sjølve kan førebyggje ulykker.
Brannførebyggjande avdeling består av to soner med to personar og kontor for feiing- og tilsyn.
Vi har totalansvar for kommunane Flora og Bremanger.
Blant avdelinga sine oppgåver kan nemnast:
- Brannførebyggjande og haldningsskapande informasjon
- Feiing og tilsyn med fyringsanlegg.
- Tilsyn i særskilte brannobjekt, som til dømes pleieinstitusjonar, overnattingsstader og forsamlingslokaler.
- Brannteknisk sakshandsaming i samband med skorsteiner, varmeanlegg, og brannfarlege og eksplosive varer.
Publisert av Stine Senneset
Sist endra 02.11.2022 11.01