Bålbrenning

I tidsrommet 15. april - 15. september er det eit generelt forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og utmark utan særskild løyve.

 

Søk om bålbrenning

"Lov om Brannvern m.m." forbyr all bruk av bål og annan brenning i  skog og mark i perioden 15. april - 15. september. Definisjonen  "skog og mark" reknast normalt som utanfor eigen hage eller innmark.

 

Dersom du skal gjere opp eld utandørs, er det viktig at du er klar over at du har ei generell plikt til å vise aktsemd for å unngå brann. Brot på denne plikta kan føre til både straff- og erstatningsansvar. Det betyr at du alltid må vurdere om det er forsvarleg å tenne opp eld.

 

Unntak frå forbod

I forsvarleg avstand frå skog og mark kan open brenning på grillinnretningar, utepeisar og kaffibål utan spesiell løyve frå brannvesenet når dette openbart ikkje kan føre til brann.

 

Meir informasjon

Du kan lese meir om kva du bør vite før du tenner bål på sikkerhverdag.no.

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset