Offentlege instansar, interesseorganisasjonar og grunneigarar som vert råka blir, litt avhengig av omfanget, varsla med brev når kommunen eller private startar opp eit reguleringsarbeid.
Utlysingar
Det blir og lyst ut i lokalavisa og på kommunen si heimeside. Ein får då høve til å komme med innspel til saka. For reguleringsplanar som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn vil det vere krav om konsekvensutgreiing. Det må då utarbeidast eit eige planprogram som skal sendast til høyring og vedtakast av kommunestyret før planforslaget vert utarbeidd.
Saksgang
Når fristen for innspel er utgått, blir plankart, føresegner og planomtale utarbeidd av fagkunnige, og lagt fram til politisk handsaming. Ved utarbeiding av planar for utbygging skal kommunen som planmynde sjå til at risiko- og sårbarheitsanalyse er gjennomført for planområdet.
Formannskapet vedtek om planen skal sendast ut til høyring/offentleg ettersyn. Grunneigarar og høyringsinstansane får brev om at planen er utlagt til høyring, og får høve til å komme med merknader.
Når kommunen legg planar ut til høyring, kan du finne dei under "planar og høyringar". Høyringsfristen er minimum 6 veker.
Etter at planen har vore ute til offentleg ettersyn, går sakshandsamar gjennom saka med omsyn til innkomne merknader, og legg saka fram for ny handsaming i formannskapet. Kommunestyret fattar endeleg vedtak. Melding om vedtak vert sendt grunneigarar og høyringsinstansane, og vedtaket kan påklagast.
Publisert av Stine Senneset
Sist endra 02.11.2022 10.55