Praktisk bistand

Vi tilbyr praktisk bistand/heimehjelp og heimesjukepleie til deg som bur heime, i omsorgsbustad og har eit hjelpebehov.

 

Kven kan søkje om praktisk bistand/heimehjelp?


Du bur heime, i omsorgsbustad eller oppheld deg i Bremanger kommune.
Du har eit helseproblem eller ein funksjonssvikt som fører til behov for praktisk hjelp eller rettleiing til å greie daglege gjeremål.
 

Kven kan søkje om heimesjukepleie?
 

  • Du bur heime eller oppheld deg i Bremanger kommune.
  • Du har eit helseproblem eller funksjonssvikt som fører til behov for sjukepleie i eigen heim, til dømes medisinhandtering, sårstell eller pleie.
  • Du treng etterbehandling eller opptrening til å klare deg sjølv.
  • Du treng nokon som observerer/utgreiar din helsetilstand i heimen.
     

Korleis søkje?


Søknad skal sendast til Sakshandsamarteamet i Bremanger kommune. Dersom du treng hjelp til å søkje,  ring  kommunen sitt servicekontor : 57 79 63 00, eller ein av sakshandsamarane i kommune på
telefon nr: 95 98 87 19 eller 95 98 29 33.

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95 98 29 99
    Ytre, tlf. 95 98 87 12
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset