Vi tilbyr omsorgsløn til innbyggjarar som utfører eit særskilt tyngande omsorgsarbeid.
Omsorgsløn vert å tilby når alternative kommunale helse-og omsorgstenester ikkje ivaretek hjelpebehovet.
Kven kan søkje?
- Personar som bur eller oppheld seg i Bremanger kommune.
- Peronar som yt omfattande og særskilt tyngande omsorgsarbeid av varig karakter.
- Foreldre med barn under 18 år der omsorgsarbeidet går utover normal omsorgsplikt.
- Den som treng omsorgen må vere registrert som innbyggjar i Bremanger kommune og også bu her.
- Den som treng omsorgen må vere heilt avhengig av hjelp for å greie dagleglivet sine gjeremål.
- Den som søkjer, må ha søkt om hjelpestønad først.
- Ordninga kan verte kombinert med andre kommunale tenester.
Korleis søkje?
Søknad skal sendast til Sakshandsamarteamet i Bremanger kommune. Dersom du treng hjelp til å søkje, ring kommunen sitt servicekontor : 57 79 63 00, eller ein av sakshandsamarane i kommune på
telefon nr: 95 98 87 19 eller 95 98 29 33.
Publisert av Stine Senneset
Sist endra 31.10.2022 11.27