Brukarstyrt personleg assistent

Vi tilbyr brukarstyrt personleg assistent til innbyggjarar som er heilt avhengige av praktisk hjelp for å greie dagleglivet sine gjeremål.

Brukaren sjølv tilset dei personar han/ho ønskjer skal hjelpe til med daglege gjeremål. Kommunen avgjer
kven som kan verte tildelt personleg assistanse og kor mykje hjelp (tal timar) som skal verte ytt.


Kven kan søkje?

  • Søkjar må vere registrert innbyggjar i kommunen og bu eller opphalde seg i Bremanger kommune
  • Søkjar må vere heilt avhengig av praktisk hjelp for å greie dagleglivet sine gjeremål
  • Hjelpebehovet må vere omfattande og vere av varig karakter
  • Søkjar eller pårørande må ha evne og vilje til å ta ansvar for opplæring av sine personleg assistentar
  • Søkjar eller pårørande må ha evne og vilje til å planlegge søkjar sin kvardag og fungere som arbeidsleiar
  • BPA vert også gjeve som avlastningstilbod til familiar med barn med nedsette funksjonsevne.


Korleis søkje?

Søknad skal sendast til:
Bremanger kommue
Sakshandsamarteame
Postboks 104
6721 Svelgen.


Dersom du treng hjelp til å søkje,  ring  kommunen sitt servicekontor : 57 79 63 00, eller ein av
sakshandsamarane i kommune på telefon nr: 95 98 87 19 eller 95 98 29 33.

 

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset