Koordinerande eining, individuell plan og barnekoordinator

Koordinerande eining

 

Koordinerande eining skal bidra til å sikre heilheitleg og koordinerte tilbod til pasientar og brukarar med behov for tenester frå fleire fagområde, nivå og sektorar. Eininga si overordna ansvar for individuell plan og koordinator er sentralt. Ansvaret omfattar alle pasient- og brukargruppe med behov for langvarige og koordinerte tenester, og er ikkje avgrensa til habilitering og rehabilitering.

 

Koordinerande eining held til på rådhuset. 

 

Individuell plan og koordinator

 

Individuell plan (IP) skal bidra til at tenestemottakaren får eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod.

 

Koordinator er en tenesteytar som skal sikre nødvendig oppfølging og samordning av tenestetilbodet samt framdrift i arbeidet med individuell plan. Koordinator oppnemnast i forbindelse med individuell plan, men skal også tilbydast sjølv om vedkomande takker nei til individuell plan. Formålet med koordinator er det same som for individuell plan.

 

Måla, ressursane og behova for tenester skal avklarast. Vidare skal det gjerast ei vurdering om tiltaka skal koordinerast.

 

IP skal styrke samhandlinga mellom tenesteytar og tenestemottakar og eventuelt pårørande, og etatar innan eit forvaltningsnivå eller på tvers av forvaltningsnivå.

Barnekoordinator

 

Familiar som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsatt funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige og samansatte eller koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester, har rett til barnekoordinator. 
Her finn du nasjonal rettleiiar, kapittel 5. Barnekoordinator

 

Kven kan søkje om individuell plan, personleg koordinator og barnekoordinator?


Alle som har behov for koordinerte tenester etter helse- og omsorgstenestelova, spesialisthelsetenestelova og lov om psyisk helsevern har rett til å få utarbeida individuell plan, IP.
 

Korleis søkje?


Søknad skal sendast til:
Koordinerande eining v/Hege Rosvoll
Bremanger kommune
Postboks 104
6721 Svelgen.

Tlf. 959 82 933
E-post: koordinerande.eining@bremanger.kommune.no


 

Kontaktpersonar

Sakshandsamar og koordinator

Sakshandsamar og koordinator for menneske med nedsett funksjonsevne.

 

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset