Dør til dør transporttenesta

Tilrettelagt transport, dør til dør transporttenesta, er eit tilbod for menneske med nedsett funksjonsevne som har vanskar med å nytte seg av kollektive transportmiddel.

Hovudregel for tenesta:

Størstedelen av transporten vert utført av ordinære drosjer. Transportkort skal berre nyttast til fritidsreiser, ikkje til reiser som kjem under trygdeordninga.

Transportkort vert i hovudsak tildelt personar med varige funksjonshemmingar som gjer at dei ikkje kan nytte seg av kollektive transportmiddel. Med funksjonshemming tenkjer ein både på rørslehemma (t.d. rullestolbrukarar) og ikkje-rørslehemma (blinde/svaksynte/allergikarar/epileptikarar/hjarte- og lungesjuke/psykiske lidingar/psykisk utviklingshemma).

 

Ordninga er ikkje lovpålagt, og det er kommunane som avgjer kven som skal få tildelt transportkort.
Det er alltid rørslehemminga som er avgjerande ved godkjenning av brukarar. Det blir ikkje teke omsyn til utanforliggande årsaker som t.d. alder, bustad, økonomisk og sosial status. Funksjonshemminga sin eigenart spelar inga rolle - når rørslehemminga melder seg er det den som er kriteriet for å bli godkjend som brukar av transporttenesta.

Transportkortet er personleg, og kan ikkje nyttast av andre enn godkjende brukarar.
Brukar kan få innvilga reiserett med følgjeperson.

 

Søknadsprosessen:

Du må fylle ut eit søknadsskjema, samt at det må vere med ei erklæring frå lege. Begge desse skjemaane finn du nedst på sida. Du kan òg vende deg til Servicekontoret for å få utlevert skjema, samt hjelp til utfylling.

 

I Bremanger kommune vert desse søknadane handsama seks gongar i året; februar, april, juni, august, oktober og  desember.


Søknadsfrist er den første i handsamingsmånadane, for alle månedane utanom desember.
Vil du ha søknaden din handsama i desember, må vi ha søknaden i hende før 15.november.
Dette for å få nye kort klare til 01.januar.

 

Denne tenesta vert handsama av tilsette på Servicekontoret.

 

 

Publisert av Stine Senneset. Sist endra 17.11.2016
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
Krever innlogging: Valgfri innlogging til: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}
{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}} hjelp

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltip']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltipUtenMinId']}}


{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre til skjemaet

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

Kommentar

Totalt 0 stk. kommentarer.

Kontaktpersonar

Konsulent
 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset
Login for redigering