Miljøretta helsevern skal føre tilsyn med alle dei biologiske, kjemiske, fysiske og sosiale faktorar i miljøet som direkte eller indirekte kan ha innverknad på helse.
Miljøretta helsevern har fyrst og fremst eit førebyggjande aspekt, men dersom det oppstår tilhøve som har negativ innverknad på helsa har kommunen og høve til å pålegge verksemder tiltak for å redusere og/eller fjerne helseskadelege miljøfaktorar.
Aktuelle arbeidsområder:
- Godkjenning av barnehagar og skular
- Tilsyn med symjebasseng, helsestudio og badeplassar
- Tilsyn med hudpleie, solarie, frisør og tatoveringsverksemder
- Tilsyn med campingplassar og overnattingsverksemder
- Internkontrollsystem
- Hygiene, reinhald, vedlikehald
- Smittevern
- Støy, lys
- Skadedyr og insekter
Bremanger kommune er ein del av eit samarbeid kring tenesta. Flora kommune er vertskommune, for
meir informasjon sjå: www.folkehelseavdelinga.no
Publisert av Stine Senneset
Sist endra 02.11.2023 09.46