Kven kan søkje om praktisk bistand/heimehjelp?
Du bur heime, i omsorgsbustad eller oppheld deg i Bremanger kommune.
Du har eit helseproblem eller ein funksjonssvikt som fører til behov for praktisk hjelp eller rettleiing til å greie daglege gjeremål.
Kven kan søkje om heimesjukepleie?
-
Du bur heime eller oppheld deg i Bremanger kommune.
-
Du har eit helseproblem eller funksjonssvikt som fører til behov for sjukepleie i eigen heim, til dømes medisinhandtering, sårstell eller pleie.
-
Du treng etterbehandling eller opptrening til å klare deg sjølv.
-
Du treng nokon som observerer/utgreiar din helsetilstand i heimen.
Korleis søkje?
Søknad skal sendast til Sakshandsamarteamet i Bremanger kommune. Dersom du treng hjelp til å søkje, ring kommunen sitt servicekontor : 57 79 63 00, eller ein av sakshandsamarane i kommune på
telefon nr: 95 98 89 19 eller 95 98 29 33.