Brukarstyrt personleg assistent

Vi tilbyr brukarstyrt personleg assistent til innbyggjarar som er heilt avhengige av praktisk hjelp for å greie dagleglivet sine gjeremål.

Brukaren sjølv tilset dei personar han/ho ønskjer skal hjelpe til med daglege gjeremål. Kommunen avgjer
kven som kan verte tildelt personleg assistanse og kor mykje hjelp (tal timar) som skal verte ytt.


Kven kan søkje?

Søkjar må vere registrert innbyggjar i kommunen og bu eller opphalde seg i Bremanger kommune.

Søkjar må vere heilt avhengig av praktisk hjelp for å greie dagleglivet sine gjeremål.

Hjelpebehovet må vere omfattande og vere av varig karakter.

Søkjar eller pårørande må ha evne og vilje til å ta ansvar for opplæring av sine personleg assistentar.

Søkjar eller pårørande må ha evne og vilje til å planlegge søkjar sin kvardag og fungere som arbeidsleiar.

BPA vert også gjeve som avlastningstilbod til familiar med barn med nedsette funksjonsevne.


Korleis søkje?

Søknad skal sendast til:
Bremanger kommue
Sakshandsamarteame
Postboks 104
6721 Svelgen.


Dersom du treng hjelp til å søkje,  ring  kommunen sitt servicekontor : 57 79 63 00, eller ein av
sakshandsamarane i kommune på telefon nr: 95 98 89 19 eller 95 98 29 33.

 

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset