Det skal sikrast at det til ei kvar tid er ein koordinator som har hovudansvaret for oppfølging av tenestemottakar.
Måla, ressursane og behova for tenester skal avklarast. Vidara skal det gjerast ei vurdering om tiltaka skal koordinerast.
IP skal styrke samhandlinga mellom tenesteytar og tenestemottakar og eventuelt pårørande, og etatar innan eit forvaltningsnivå eller på tvers av forvaltningsnivå.
Kven kan søkje om IP?
Alle som har behov for koordinerte tenester etter helse- og omsorgstenestelova, spesialisthelsetenestelova og lov om psyisk helsevern har rett til å få utarbeida individuell plan, IP.
Korleis søkje?
Søknad skal sendast til:
Koordinerande eining v/Hege Rosvoll
Bremanger kommune
Postboks 104
6721 Svelgen.
Tlf. 959 82 933
E-post: koordinerande.eining@bremanger.kommune.no