Dør til dør transporttenesta

Transportteneste for funksjonshemma, TT-ordninga, er eit tilbod om drosjetransport til personar busett i Sogn og Fjordane som grunna varig funksjonshemming har store vanskar med å nytte ordinære kollektive transportmiddel. Transporttilbodet skal bidra til at dei skal kunne leve eit så aktivt liv som mogleg.

Hovudregel for tenesta:

Størstedelen av transporten vert utført av ordinære drosjer. Transportkort skal berre nyttast til fritidsreiser, ikkje til reiser som kjem under trygdeordninga.

 

Transportkort vert i hovudsak tildelt personar med varige funksjonshemmingar som gjer at dei ikkje kan nytte seg av kollektive transportmiddel. Med funksjonshemming tenkjer ein både på rørslehemma (t.d. rullestolbrukarar) og ikkje-rørslehemma (blinde/svaksynte/allergikarar/epileptikarar/hjarte- og lungesjuke/psykiske lidingar/psykisk utviklingshemma).

 

Kriterier for brukargodkjenning

For å bli godkjend som brukar skal det være direkte samanheng mellom varig funksjonshemming og evna til å bruke kollektive transportmiddel.

 

For å få innvilga søknad om TT må søkjar ha funksjonshemming som varer minimum eitt år.

 

Følgjande kan gi grunnlag for godkjenning, når andre føresetnader er oppfylt:

  • Blinde og sterkt svaksynte. (Synsstyrke 0.33 - 6/18 Folketrygdloven) 
  • Personar som er avhengig av rullestol. 
  • Personar med psykisk utviklingshemming, individuell vurdering etter funksjon. 
  • Andre personar med funksjonshemming, individuell vurdering etter funksjon.

 

Kriterier som ikkje er grunnlag for godkjenning:

 

  • Mangel på kollektivtilbod på heimstaden
  • Naturleg alderdomssvekking 
  • Tidsavgrensa funksjonshemming 
  • TT-ordninga er ei individuell ordning, og brukarrettane kan ikkje tildelast ein institusjon. Bebuarar på institusjonar kan godkjennast på individuelt grunnlag om dei tilfredsstiller dei andre kriteria. 
  • Som hovudregel godkjennast ikkje personar som har tilgang til eigen bil, eller har fått stønad til bil etter lov om folketrygd. Rullestolbrukarar og blinde/svaksynte skal godkjennast utan omsyn til mottak av eventuell grunnstønad til transport/stønad til eigen bil frå folketrygda. 
  • Det kan i særskilte tilfelle, etter streng vurdering, gjerast unntak.

 

Ordninga er ikkje lovpålagt, og det er kommunane som avgjer kven som skal få tildelt transportkort.
 

Transportkortet er personleg, og kan ikkje nyttast av andre enn godkjende brukarar.
Brukar kan få innvilga reiserett med følgjeperson.

 

Søknadsprosessen:

Søkarar må nytte standardisert søknadsskjema og det skal leggast ved erklæring frå lege/spesialist på standardisert skjema. Slik erklæring skal innehalde ei vurdering av kor vanskeleg det er å nytte kollektive transportmiddel, inkludert serviceskyss. Erklæringa vert eit hjelpemiddel for kommunen når ein skal vurdere søkjarar.

Kommunen behandlar søknaden og fattar vedtak.

 

Søknadsfrist:

I Bremanger kommune vert søknadane handsama seks gongar i året; februar, april, juni, august, oktober og  desember.
 

Søknadsfrist er den 01. i handsamingsmånadane, for alle månedane utanom desember.


Vil du ha søknaden din handsama i desember, må vi ha søknaden i hende før 15.november.
Dette for å få nye kort klare til 01.januar.

 

Denne tenesta vert handsama av tilsette på Servicekontoret.

 

 

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset