Miljøretta helsevern

Miljøretta helsevern skal føre tilsyn med alle dei biologiske, kjemiske, fysiske og sosiale faktorar i miljøet som direkte eller indirekte kan ha innverknad på helse.  

Miljøretta helsevern har fyrst og fremst eit førebyggjande aspekt, men dersom det oppstår tilhøve som har negativ innverknad på helsa har kommunen og høve til å pålegge verksemder tiltak for å redusere og/eller fjerne helseskadelege miljøfaktorar.

Aktuelle arbeidsområder:

  • Godkjenning av barnehagar og skular
  • Tilsyn med symjebasseng, helsestudio og badeplassar
  • Tilsyn med hudpleie, solarie, frisør og tatoveringsverksemder
  • Tilsyn med campingplassar og overnattingsverksemder
  • Internkontrollsystem
  • Hygiene, reinhald, vedlikehald
  • Smittevern
  • Støy, lys
  • Skadedyr og insekter

 

       Bremanger kommune er ein del av eit samarbeid kring tenesta. Flora kommune er vertskommune,  for
       meir informasjon sjå: www.folkehelseavdelinga.no

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset