Barneverntenesta

Kva gjer barneverntenesta?
 

Barnevernet sitt arbeid er ei blanding mellom støtte og kontroll. Kommunen sitt barnevern skal gje hjelp og støtte slik at heimen skal kunne makte sitt oppdragsansvar, men har også plikt til å gripe inn dersom foreldre i heimen ikkje klarer dette tilstrekkeleg.
 

Barneverntenesta gjev barn, unge og familiar hjelp og støtte i vanskelege situasjonar. Det er foreldra som har ansvar for å gje barna sine omsorg. Dersom foreldra av ulike årsaker, ikkje strekkjer til, kan barnevernet bidra til å sikre barn og unge omsorg, tryggleik og høve til utvikling.

Barnevernet skal vere ein garanti for at alle barn og unge sikrast omsorg, tryggleik og utviklingsmogleheiter.
 

For å komme inn  tidleg med hjelp, treng barneverntenesta at foreldre, barn eller ungdom sjølv tek kontakt og søkjer om hjelp ved behov eller bekymring. Foreldre, barn og ungdom er velkommen til å ta kontakt med barnevernet.
Barnevernet har som si særskilte oppgåve å ta vare på dei mest utsette barna. Barn og unge skal beskyttast mot omsorgssvikt og ikkje lide fysisk og psykisk overlast. Blir barnevernet kjent med slike tilhøve, har vi ei plikt (Lov om barneverntenester §4-3) til å undersøkje korleis barnet har det, og om naudsynt sette i verk tiltak.
 

Bekymra?


Privatpersonar har moralsk, men ikkje juridisk ansvar for å melde frå om omsorgssvikt.
Når det er grunn til å tru at det er alvorleg omsorgssvikt pliktar alle offentlege myndigheiter og tilsette å melde frå til barneverntenesta.
 

Korleis melde?


Privatpersonar  kan ringe eller sende eit brev til barneverntenesta dersom ein  er bekymra for om barn, ungdom eller familiar har det vanskeleg og kanskje treng hjelp.
Ein når barneverntenesta på telefon 917 50 143 eller 57 79 63 00. Offentlege myndigheiter og tilsette skal nytte barneverntenesta sitt meldeskjema.
 

Kva gjer barnevernteneste når dei har motteke ei melding?


• Når barneverntenesta mottar ei melding, vert denne vurdert innan ei veke og det vert avgjort om meldinga skal leggjast bort eller ein skal opne undersøkjingssak.
• Foreldra vert kontakta dersom saka skal undersøkjast.
• Gjennomfører undersøking av saker, avsluttar utan tiltak eller sett i verk tiltak.
• Vi set i verk tiltak når det er naudsynt, oftast i heimen.
• Gjer hjelp og støtte til foreldra slik at dei sjølv skal kunne gje barna sine god omsorg.
• Vi driv førebyggjande arbeid og oppfølging av barn og familiane deira.
• Når hjelpetiltak i heimen ikkje er tilstrekkeleg for å hjelpe barnet, kan barneverntenesta ta over omsorga og syte føre ein anna omsorgssituasjon.
 

Kan eg melde anonymt?


Privatpersonar kan vere anonyme, men barnevernet vil rå til at ein ikkje er det. Ein kan vende seg anonymt til barnevernet for å få råd og rettleiing i høve ei eventuell bekymring. Offentlege myndigheiter og tilsette kan ikkje vere anonyme, men dei kan drøfte bekymringssaker anonymt.

 

Kvar tek eg kontakt etter arbeidstid?

 

Du kan kontakte barnevernsvakta på tlf. 47457272. Det er opent mellom kl. 15.30 og 08.00.
Les meir om barnevernvakt her.

 

Kontaktinformasjon

 

Servicekontore tlf.  57796300
Fagleiar tlf.  91 75 01 43
Barnevernsvakt tlf. 47 45 72 72.

Besøksaadresse til Barnevernstenesta i Bremanger:
Granden 4, 6723 Svelgen

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset