Kommunereforma

 

Målsetting

Målet med kommunereforma er eit lokaldemokrati som kan ivareta velferd og sikre verdiskaping og trivsel. Kommunane er pålagt eit stort ansvar i prosessen, og det vert lagt opp til at alle kommunar skal gjennomføre utgreiingar, drøfte og vurdere samanslåing, og gjere vedtak innan våren 2016. Det er eit mål å sikre gode og lokalt forankra prosessar.

 

Forstudium i Bremanger

For å sikre eit best mogleg grunnlag for å fatte vedtak om ei ev. kommunesamanslåing, har Bremanger gjennomført eit forstudium for å kartlegge konsekvensane av å slå seg samen med ein eller fleire kommunar, ev. å stå aleine som eigen kommune og i framtida. Gjennom forstudien vart det også gjennomført ei innbyggjarkartlegging der nærare tre av fire respondentar meinte at kommunen bør halde fram som eigen kommune.

Dokumentasjon i samband med forstudien finn du til venstre under lenka Forstudie i Bremanger.

Forstudierapporten vert handsama i første kommunestyremøte i 2016.

 

Kystkommunealternativet

Flora Kommune har saman med Vågsøy teke initiativ til å utgreie «kystkommunen». I dette arbeidet ønskjer dei naturleg nok å ha å ha med Bremanger. Bremanger kommune har sagt seg villege til å bidra med informasjon og data til utgreiinga, men vil ikkje ha nokon pådrivar rolle i dette arbeidet. Utgreiingsarbeidet skal vere sluttført i starten av februar 2015, og resultatet vert lagt fram for kommunestyret i same møte som forstudierapporten frå den interne utgreiinga. Dette vil bidra til å gje kommunestyret eit endå betre avgjerdsgrunnlag m.o.t. kommunen si vidare handtering av kommunereforma.

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset