Spørsmål om Koronaviruset? Hald deg oppdatert!

Vi oppmodar alle innbyggjarar til å følgje råda til Folkehelseintituttet og Helsedirektoratet.Klikk for stort bilete  
Folkehelseinstituttet     Helsedirektoratet    Informasjon frå Bremanger kommune
Bruk eventuelt informasjonstelefon 815 55 015

 

Vaksine til innbyggjarar utan fastlege i Bremanger

Informasjon til innbyggjarar utan fastlege i Bremanger kommune

Det er avgjerande for kommunen si planlegging av koronavaksinering at vi får registrert om du vil ha vaksine. Dette gir oss naudsynt oversikt over kven vi skal kalle inn til vaksinering. 

 

I veke 1 starta vi å vaksinere på sjukeheimane og dei neste vekene vil pasientar i heimesjukepleia, priortert helsepersonell og personar over 85 år få tilbod om vaksine. Deretter følgjer andre grupper i samsvar med nasjonale prioriteringar.

 

Lenkje til nasjonale prioriteringar: https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-

 

Dei som har fastlege i Bremanger kommune held seg til informasjon frå legekontoret.  Dei som ikkje har fastlege i kommunen, får med dette tilbod om vaksine frå kommunen.

 

Innbyggjarar utan fastlege i Bremanger:

 

Om du vil takke ja til vaksine, ring telefon 57 79 63 00:

 

•    Oppgje namn, adresse, telfonnummer og fødsel og personnummer (evnt. d.nummer).
•    Du vil verte kalla inn til vaksinasjon når det er din tur.
•    Du må oppgje om du vil ta vaksine, og om du eventuelt treng skyss.

 

Dersom du har underliggande sjukdommar, og trur du bør verte prioritert, oppmodar vi deg om å ta kontakt med fastlegen for vaksinering.
 

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95 98 29 99
    Ytre, tlf. 95 98 87 12
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset