Stenging av skular og barnehagar i Bremanger!

Helsedirektoratet har i dag gjort vedtak om m.a. å stenge alle barnehagar og skular i perioden 13. mars til 13. april. Vidare er det gjort vedtak om forbod mot og stenging av ei rekke andre arrangement og verksemder.

Informasjonen frå helsedirektoratet finn du her:

 www.helsedirektoratet.no/nyheter/helsedirektoratet-stenger-alle-barnehager-og-skoler

 

I Bremanger kommune betyr dette:

  • Skular og barnehagar er stengde.

 

Det vert likevel omsorgstilbod for born i barnehage og skule som har foreldre som er tilsett innan samfunnskritiske funksjonar, som t.d. helsepersonell. I tillegg gjeld det born med særskilde omsorgsbehov. Sjå liste over funksjonar som vert vurdert som samfunnskritiske i helsedirektoratet sitt skriv.

 

  • Idrettshallane og bassenga er stengde
  • Kulturskuleundervisninga er stoppa
  • Aktivitetsbasen er stengd
  • Alle kulturarrangement/-aktivitetar er avlyst
  • Biblioteka er stengde for publikumsbesøk
  • Bakarhuset sin kafé i Svelgen er stengd for besøkande
  • Ope møte om arealplan på samfunnshuset i Svelgen den 18. mars er avlyst

 

Vi oppmodar elles alle innbyggjarar til å følgje råda til Folkehelseinstituttet på www.fhi.no

Har du spørsmål om koronaviruset, gå inn på www.helsenorge.no 
 

No er det avgjerande å vise solidaritet for sårbare grupper i samfunnet vårt og deira pårørande!

 

 

Tom Joensen

Rådmann

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset