Om barn kan leike med kvarandre eller vere saman

Alle vert bedne om å vere mest mogleg heime. Ein kan vere saman med søsken som normalt, dette gjeld også barn frå skilte familiar som har fleire heimar. Hovudmålsettinga er likevel å redusere tal kontaktar til eit så lavt nivå som mulig

  • Det vert tilrådd å ikkje samle fleire til leiketreff eller felles aktivitetar. Målet er å halde avstand for å hindre smitte.
  • Rådet er å halde minst ein meters avstand.
  • Samvere bør avgrensast (få timar).

 

For å ta i vare barn sine behov for leik med andre barn kan ein ha 1-2 faste leikevener og halde seg til dei same leikevenene gjennom denne perioden.

 

Det gjeld også for ungdom.

 

  • Det er betre å møtast for leik utandørs enn innandørs.
  • Leikeplassar med mange barn samtidig bør ein unngå. Tilrådinga om 1 meters avstand gjeld også her.
  • Bursdagsselskap bør utsetjast.
  • Overnattingsbesøk bør avgrensast i denne perioden.
  • Vask hender ofte, både før, under og etter leik, og ha god hostehygiene.

 

Barn og ungdomar med symptom på luftvegsinfeksjon skal haldast heime og bør ikkje vere saman med andre barn og ungdomar utanfor familien. Dette gjeld også ved milde symptom.

 

Barn og ungdom som er i heimeisolasjon eller heimekarantene skal ikkje vere saman med barn og ungdom utanfor husstanden.

 

Det er fare for at nokre barn kan bli ståande utan leikekameratar i denne perioden. Foreldre kan hjelpe til med å passe på at barna held kontakt med kvarandre på andre måtar, gjennom telefon, videosamtalar og liknande.

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset