Kva kan du gjere om inntekta di vert redusert?

I desse tider vil mange oppleve at inntekta vert redusert i ein kortare eller lengre periode. Om dette skjer, er her nokre tips som kan vere nyttige:

 

  1. Få oversikt over inntekter og utgifter – lag budsjett.
  2. Er det utgifter du kan redusere no? 
  3. Ver bevisst på eige forbruk. Er det innkjøp som du kan vente med å gjere?
  4. Er alle økonomiske rettar utnytta? t.d rett til dagpengar, bustønad og liknande. Meir informasjon finn du på www.nav.no og www.husbanken.no
  5. Sjekk skattetrekket ditt. Når inntekta er redusert kan skattetrekket vere for høgt. Gå inn på  www.skatteetaten.no og juster inntekta di.
  6. Har du lån – kontakt banken og be om avdragsutsetjing. Har du fleire lån, kan du saman med banken vurdere om det er mogleg med refinansiering. Ikkje ta opp forbrukslån utan at du med sikkerheit veit at dette kan betre økonomien din på sikt.
  7. Dersom du får vanskar med å betale rekningane dine, kontakt kreditorane så fort som mogleg. Orienter om situasjonen din og prøv å finn gode løysingar saman.

 

Treng du personleg råd og rettleiing, ta kontakt med NAV gjeldsrådgjeving påhttps://www.nav.no/no/person/flere-tema/sosiale-tjenester/800gjeld eller kontakt ditt lokale NAV-kontor for nærare avtale:

 

Kontaktinformasjon NAV-lokalt:

NAV Bremanger: 477 91 322

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset