Spørsmål om Koronaviruset? Hald deg oppdatert!

Vi oppmodar alle innbyggjarar til å følgje råda til Folkehelseintituttet og Helsedirektoratet.Klikk for stort bilete  
Folkehelseinstituttet     Helsedirektoratet    Informasjon frå Bremanger kommune
Bruk eventuelt informasjonstelefon 815 55 015

 

Koronavaksinering

I veke 1 startar Bremanger kommune vaksinering av sjukeheimsbebuarar i Svelgen. Når vi er ferdig på sjukeheimen i Svelgen, vert det vaksinering av sjukeheimsbebuarar i Kalvåg, før vi går vidare til heimetenestene. Meir informasjon om vidare vaksinering av andre målgrupper kjem fortløpande. 

Vi ringer deg


Du kan ikkje ringe og bestille tid til vaksinering sjølv, du vert kontakta med tilbod om dag og tid for vaksinering. 
Her kan du lese om dei prioriterte målgruppene for koronavaksine.


Arbeidet framover


Bremanger kommune har laga ein handlingsplan for koronavaksineringa, som er eit godt praktisk reiskap for iverksetting av vaksinering til prioriterte grupper. Utstyr til vaksinasjon er allereie på plass i kommunen.
Klikk her for meir informasjon om koronavaksine.


Utvalde helsepersonellgrupper vil også få tilbod om koronavaksinasjon


FHI set av vaksiner til 15.000 tilsette i spesialisthelsetenesta. Primærhelsetenesta kan få inntil 20 prosent av dosene, som vert fordelt til kommunane. Les meir om ordninga på fhi.no.

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

 

  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95 98 29 99
    Ytre, tlf. 95 98 87 12
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset