Spørsmål om Koronaviruset? Hald deg oppdatert!

Vi oppmodar alle innbyggjarar til å følgje råda til Folkehelseintituttet og Helsedirektoratet.Klikk for stort bilete  
Folkehelseinstituttet     Helsedirektoratet    Informasjon frå Bremanger kommune
Bruk eventuelt informasjonstelefon 815 55 015

 

Koronavaksinering i Bremanger kommune

Innbyggjarar som har fastlege i Bremanger kommune vert kontakta av legekontora når dei får tilbod om vaksinasjon.

Dei som ikkje har fastlege og oppheld seg her, takkar ja til tilbod om vaksine ved å ringe til Bremanger kommune sitt servicekontor tlf. nr. 57796300.
 
For personar med og utan fastlege: Vi tek kontakt, det er ikkje hjelp i å ringe for å bestille vaksinasjon.
 
Vi prioriterer vaksine etter nasjonale retningslinjer, les meir på: https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/koronavaksine/
 
I veke 8 og 9 fekk vi berre Pfizer vaksine til dose 2, og ingen fekk tilbod om dose 1.
 
Når vi startar på veke 10 har vi vaksinert 323 personar med dose 1 og 191 av desse har også fått dose 2. Det vil seie at 132 personar kun har fått dose 1, medan 191 personar har fått både dose 1 og 2. Dei siste er fullvaksinerte.
 
Fram til no har Bremanger kommune motteke to ulike vaksiner: Pfizer og AstraZeneca. I eit hetteglas med Pfizer er det 6 doser medan det er 10 doser i hetteglaset frå AstraZeneca. 
 
Vi har om lag 30 personar over 85 år som ikkje har fått dose 1. Desse står for tur, og vert kontakta av sitt legekontor.
 
I veke 10 vil vi få 15 hetteglas med Pfizer vaksine. Nokre av dosene skal gå til dose nr. 2.
 
I veke 10 vil vi få 10 hetteglas med AstraZeneca.   
 
I veke 10 vil flesteparten av bebuarane på institusjonane i Bremanger vere fullvaksinerte.
 
I veke 9 mottok vi 10 hetteglas med AstraZeneca. I tråd med nasjonale tilrådingar vart desse nytta til helsepersonell. Vi prioriterer helsepersonell som arbeider nært pasientar først. Dei som vert vaksinert med AstraZeneka vaksinen skal ha dose 2 9 til 12 veker etter dose 1. 
 
Arbeidet framover:
Bremanger kommune har laga handlingsplan for koronavaksineringa. Denne er eit praktisk reiskap for iverksetting av vaksiner til innbyggjarane.. Utstyr til vaksinasjon er allereie på plass i kommunen. 
 
Vi veit ikkje kor mange vaksiner vi får i vekene framover, og må derfor handtere innkalling og utføring utifrå dette.
 
Vi er budde på at det vert vaksinasjon også i påskeveka.   
 
Etter at vi er ferdig med gruppa over 85 år er neste prioriterte gruppe 75-84 år. Slik nasjonale priorteringar er no, kjem deretter gruppa mellom 65-74 år. 
 
I veke 10 får vi tilsaman 190 vaksinedoser der noko vert nytta til dose 1 og noko til dose 2. 

 

Klikk for stort bilete 
 

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95 98 29 99
    Ytre, tlf. 95 98 87 12
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset