Spørsmål om Koronaviruset? Hald deg oppdatert!

Vi oppmodar alle innbyggjarar til å følgje råda til Folkehelseintituttet og Helsedirektoratet.  
Koronavaksine 4. dose
Folkehelseinstituttet   Helsedirektoratet  Koronasertifikat  Informasjon frå kommunen
 

 

Koronasertifikat

Bremanger kommune tilbyr alle innbyggjarar som ikkje har tilgang til nett eller som ikkje er digitale, utskrift av sitt koronasertifikat.

Koronasertifikat er tilgjengeleg på Helsenorge for alle innbyggjarar med fødselsnummer eller d-nummer. Ein må ha Bank-ID, Bank-ID på mobil eller tilsvarande for å logge seg på Helsenorge. Her vil du finne oppdaterte koronasertifikat, basert på vaksiner du har fått, gjennomgått koronasjukdom og koronatestar du har tatt hos helsepersonell. Du kan også skrive ut koronasertifikata dine dersom du ønskjer å ha dei i papirversjon, men dette er ikkje nødvendig. Vi anbefalar at alle som kan bruke Helsenorge gjer det. 

 

Personar som ikkje kan logge inn på Helsenorge kan ta kontakt med Helfo per telefon eller brev, for å få utskrift av koronasertifikat basert på vaksine og/eller gjennomgått sjukdom. Du vil få utskrift av koronasertifikatet tilsendt i posten, det er difor viktig å bestille koronasertifikatet i god tid før du har behov for det. Rettleiing for å bestille koronasertifikat frå Helfo finn du her.

 

Dersom du ikkje kan logge deg på Helsenorge kan du få hjelp til utskrift av koronasertifikat ved å møte opp på Bremanger servicekontor, måndag-fredag frå kl. 08.00-15.30. Hugs legitimasjon!

 

Utskrift av koronasertifikat

Når du kjem for å få ei utskrift:

  • Du identifiserar deg med gyldig ID.
  • Vi søker opp ditt ID-nummer i webapplikasjonen og kontrollerar opplysningane mot ID.
  • Tilgjengeleg koronasertifikat vert skrive ut og utlevert deg som innehavar av koronasertifikatet.

 

Bremanger kommune sitt ansvar 

Bremanger kommune har ansvar for å sikre at rett person får utlevert koronasertifikat.

  • Søk/oppslag og utskrift av koronasertifikat skal kun utførast etter anmodning frå innbyggjar, mens innbyggjar er fysisk til stades.
  • Vi har teieplikt om det vi får vite om den enkelte i samband med utskrift av koronasertifikat.
  • Vi skal bekrefte at legitimasjon er kontrollert før søk og utlevering av koronasertifikat.
     
 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95 98 29 99
    Ytre, tlf. 95 98 87 12
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset