Informasjon til føresette med barn i barnehage og SFO om foreldrebetaling

Foreldre, barn og tilsette skal vere trygge på at gjenopninga skjer på ein forsvarleg måte.

Barnehagane skal sikre at sjuke barn og tilsette held seg heime, gode hygienetiltak og redusert kontakt mellom barna. Veilderen Covid-19 – smittevern i barnehager skildrar korleis barnehagane våre skal etterleve desse krava og førebygge smitte. Barnehagane i Bremanger har sett inn dei tiltaka som er skildra og er klare til å ta i mot barna på ein trygg og god måte f.o.m. måndag 20.04.

 

Når barnehagane og SFO gradvis opnar igjen, blir det foreldrebetaling som vanlig. Foreldre skal betale frå den dagen dei igjen får tilbod om plass. 

 

Foreldra som får tilbod om plass, skal derfor betale det same som dei gjorde før stenginga.

 

Det vil vere ein del foreldre som har fall i inntekt som følgje av til dømes permitteringar. Desse kan søke om inntektsmoderasjon i foreldrebetalinga i barnehage og SFO på ordinær måte.

 

 

Gro B. Abildsnes

Kommunalsjef oppvekst

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset