Informasjon til foreldre med barn i skulen

Før skulane blei stengde i Noreg blei det ikkje registrert noko kjent smittespreiing blant barn i barnehagar og barneskular. Samanlikna med vaksne er få barn identifisert som smitta i Noreg og verda elles. Barn og unge har så langt vist seg å ha svært låg risiko for å få alvorleg sjukdom med koronavirus. Risikoen er lågare enn for andre luftvegssjukdomar, som til dømes influensa.

 

Oppstart av skule for elevar i 5.-10. trinn f.o.m. 11. mai
No har elevane frå 1.-4. trinn allereie vore på skulen i to veker og dette meiner vi har vore vellukka takka vere både elevar, føresette og tilsette som har vist stort ansvar. 

 

Måndag 11. mai er vi no klare til å ta imot elevane frå 5.-10. trinn. 

 

Det er trygt for barn å gå på skulen 
Når skulane no opnar opp att også for 5.-10 trinn, har vi sett i gang fleire tiltak for å avgrense smitte. Vi følgjer råda frå Folkehelseinstituttet. I perioden framover er vi derfor ekstra nøye med å trygge godt smittevern. Dette avheng av at vi alle gjer ein innsats og følgjer dei nye råda for smittevern.

 

På skulen vil vi vere spesielt opptekne av å: 

  • vaske hender og lære elevane gode rutinar for hand
  • vask ha godt reinhald 
  • vaske utstyr jamleg, til dømes nettbrett og tastatur på datamaskinene
  • vere ekstra mykje ute med elevane, også i vanlege skuletimar og SFO 
  • ha undervising og samlingar i mindre grupper 
  • halde god avstand til kvarandre 

 

Vi skal framleis sørgje for at elevane har eit trygt og godt skulemiljø. Alle som jobbar på skulen, skal følgje med på at elevane har det bra. 

 

Elevane vert delt opp i faste grupper med faste tilsette i løpet av ei veke og dei kjem til å ha fast base i eit klasserom. Gruppene vil vere mest mogleg for seg sjølve, men innan gruppa kan dei vere i lag, gjere aktivitetar og leike saman. Når det er mogleg blir det lagt opp til å vere mykje ute. 

 

Det er ein fordel, og vi oppmodar sterkt om, at elevane ikkje er i lag med mange andre barn/ungdomar i fritida og når dei er saman må dei helst vere ute.

 

Dersom barnet ditt ikkje kjenner seg bra 
Ikkje møt på skulen eller SFO dersom barnet ditt har symptom på sjukdom, dette gjeld også milde symptom. Det er ekstra viktig at barna held seg heime i minst eitt døgn etter at dei har blitt symptomfrie. Dersom nokon andre heime har luftvegssymptom eller har fått påvist koronaviruset, skal dei ikkje følgje borna til skolen.

 

Dersom barna/elevane blir dårlege på skulen, tek vi kontakt med foreldra. Elevane må då hentast eller gå heim frå skolen så fort som mogleg. 

 

Dersom det er andre i husstanden som har symptom på luftvegsinfeksjon, men ikkje stadfesta covid-19, kan eleven møte på skulen som normalt.

 

Elevar med typiske symptom på pollenallergi (kjent pollenallergi med typiske teikn på det), kan møte på skule og SFO.

 

Foreldre skal helst ikkje bli med inn på skulen 
Vi prøver å ta imot elevane ute og ønskjer ikkje at foreldre blir med inn på skulen eller i garderoben. 

Handvask er like viktig heime som på skulen. Vask hendene før de kjem på skulen, og med ein gang de kjem heim. 


Skuleskyss 
Grunna smittevernomsyn, er det berre dei elevane som har rett til skuleskyss som skal ta bussen. Dersom de likevel meiner de har behov for skuleskyss i særlege tilfelle, kan de ta kontakt med Firda billag for å avklare om der er kapasitet.

 
Dei elevane som tek skulebuss må hugse å halde god avstand, både medan dei ventar på bussen, i bussen og når dei skal gå av/på bussen. Der vil vere eigne rutiner på bussen. Ein bør ikkje bruke skuleskyss og offentleg transport dersom ein kan unngå det.

 
Kontakt med skulen
Driftssjef og kontaktlærarar vil ha god kontakt med heimen. De vil få meir informasjon om elevgruppene og kven av dei tilsette som er knytte til gruppene. De vil også få beskjed om kvar og kva tid elevane skal møte første dagen. 


Med dette ønskjer vi elevane vel møtt til trygge skuledagar!

 

Helsing

 

Gro Bakke Abildsnes
Kommunalsjef oppvekst
 

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset