Spørsmål om Koronaviruset? Hald deg oppdatert!

Vi oppmodar alle innbyggjarar til å følgje råda til Folkehelseintituttet og Helsedirektoratet.Klikk for stort bilete  
Folkehelseinstituttet     Helsedirektoratet    Informasjon frå Bremanger kommune
Bruk eventuelt informasjonstelefon 815 55 015

 

Informasjon om SMB Utvikling

Næringslivet står overfor ein ekstraordinær situasjon som fylgje av koronakrisa. Omstillingsarbeid er difor svært viktig. I samband med dette har Bremanger kommune inngått eit samarbeid med PwC som vil gjennomføre ein SMB Utvikling – forstudie oppimot næringslivet i Bremanger kommune.

Invitasjon til webinar
 

Som start på dette arbeidet inviterer vi til eit webinar onsdag 15.04.2020 kl. 08:30 – 10:00 med fylgjande agenda:

  1. Innleiing ved Bremanger kommune - orientering om lokalt beredskapsteam og bakgrunn for initiativ med SMB Utvikling, skreddersaum Covid-19
  2. Presentasjon av SMB Utvikling - Forstudie - innhald og gjennomføring v/PwC
  3. Presentasjon av kompensasjonsordninga v/PwC
  4. Påmelding og deltaking i SMB Utvikling, forstudie

Om du ikkje har anledning til å delta på webinaret, men likevel vil melde deg på SMB utviklingsprogram er det berre å gje ei tilbakemelding på dette.

 

Link til webinaret finn du her. 

(Om du ikkje kjem inn direkte ved å bruke linken må du kopiere denne og lime den inn i nettleser. Fint om du kan logge deg inn i møtet ca. kl. 08:20)

 

 

Vedlegg:

 

Informasjon om SMB Utvikling


For å forstå konkret korleis bedriftene er ramma, ynskjer beredskapsteamet som no er etablert i Bremanger kommune, å gjennomføre ei forstudie etter omstillingsmetodikken SMB Utvikling, men med skreddarsaum til den vanskelege situasjonen vi no står overfor. 
 

Forstudien skal kartlegge fylgjande:

  • Bedrifter som er direkte ramma av Covid-19 i form av vesentlig marknads- og inntektssvikt, m.a. kartlegge:
    • den økonomiske situasjonen i ulike scenario framover. Fokus vil vere på likviditetssituasjonen til bedrifta og om bedrifta vil overleve framover, m.a. i lys av krisepakkar og kapitalsituasjonen til bedrifta.
    • Idèar og tankar om utviklingstiltak framover, i den enkelte bedrift og/eller på tvers av bedrifter.
  • Bedrifter som erfarer eller forventar redusert aktivitet, og som eventuelt har idèar og tankar om utviklingstiltak framover for å førebyggje permittering og stimulere til nyskaping og omstilling for å kunne ta marknadaposisjonar når krisa er over.
  • Bedriftene sitt behov for bistand, kapasitet og kompetanse for å sikre levedyktige bedrifter på lang sikt.

 

 

Påmelding SMB Utvikling

 

Vi håpar du vil delta i forstudien. Flott om du kan fylle ut lenka her både dersom du ynskjer eller ikkje ynskjer å delta. På den måten er vi trygge på at di bedrift har fått tilbodet. 

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

 

  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95 98 29 99
    Ytre, tlf. 95 98 87 12
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset