Informasjon frå NAV

Det er foreslått fleire regelendringar som følgje av koronaviruset. Nokon av desse er tredd i kraft, medan andre ikkje er vedtekne eller igangsett ennå. På www.nav.no vil det heile tida vere oppdatert informasjon om desse, og mange andre spørsmål du treng svar på.

 

Vi vil difor sterkt oppmode om at ein bruker nettsidene til NAV slik at ein til ein kvar tid har oppdatert informasjon Koronavirus - informasjon frå NAV.

 

Det er laga fleire informasjonsvideoar om ulike tema, til dømes permittering, sjukepengar, refusjonar, omsorgspengar: Sjå info.videoar

 

Behov for arbeidskraft


Har du behov for arbeidskraft? På arbeidsplassen.no kan du søke etter kandidatar og legge ut stillingar heilt gratis. www.arbeidsplassen.no

 

Særskilt om permittering


Skal du permittere, seie opp eller innskrenke arbeidstida til 10 eller fleire tilsette? Du har då meldeplikt til NAV. Dersom det gjeld færre enn 10 ansatte kan du sjølvsagt også melde frå dersom du ynskjer det. Melding om massepermittering kan no sendast digitalt via fylgjande link: Send digitalt

 

Dersom du som arbeidsgjevar har permittert, og i permitteringsvarselet ditt har ført på ein til og med dato for permittering, må du sende ut varsel om forlenga permittering før denne går ut. NAV anbefaler i denne spesielle situasjonen at du ikkje fører på noko til og med dato dersom du permitterer grunna korona (covid-19). Dette då det er uvisst kor lenge denne unntakstilstanden vil vare, og for å lette arbeidet både for deg sjølv, dine tilsette og for NAV.

 

Dersom den permitterte har sendt søknad om dagpengar med eit permitteringsvarsel der til dato er påført, må den tilsette ettersende varsel om forlenga permittering til NAV før permitteringa går ut.

 

Vi anbefaler deg som arbeidsgjevar å informere den permitterte om at han eller ho så raskt som mogleg registrerer seg som arbeidssøkjar og søkjer dagpengar. Ein registrerer seg på nav.no, og her kan ein og sende digital søknad om dagpengar. På nav.no vil det og vere oppdatert informasjon om rettar og pliktar til personar som vert permitterte.

 

Viktige nettsider for informasjon frå NAV i samband med koronavirus:

 

For arbeidsgjevarar som treng bistand utover det som er tilgjengeleg på www.nav.no:

 

Ring arbeidsgjevartelefonen tlf. 55 55 33 36 eller send e-post eller ring til:

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset