Campingplassar

Overordna råd om rammene for vidare drift på campingplassane i Bremanger kommune frå 29.04.20:

  • Det er tillete med overnatting i hytter/einingar som har innlagt vatn og avløp. Dette gjeld typisk hytter med eige kjøkken, bad og toalett.

 

  • Campingplassane kan være opne for campingvogn, bubil og telt dersom campingplassane kan legge til rette for at dei generelle smitteverntiltaka med avstand mellom gjestar og eit forsterka reinhald vert godt fulgt opp.

 

  • Ferskt vatn skal vere tilgjengeleg for fylling og tømmestasjon for toalettankar. Det skal vere lagt til rette for å tømme gråvatn/spillvatn. I disse sonene må det leggast til rette for god handhygiene. 

 

  • Alle innandørs fellesanlegg/fasilitetar, utanom toalett og handvask, skal haldast stengt inntil vidare. Dette gjeld felles opphaldsrom/TV-stove, felles kjøkken/oppvask, felles dusjanlegg, innandørs leikerom og lignande.

 

  • Fellesanlegg med toalett og handvask skal vere tilgjengeleg for gjestane, og det skal vere forsterka reinhald av desse fasilitetane: 

       o       Toalett og vaskeservantar må reingjerast minimum dagleg, gjerne oftare.
       o       Tørk over typiske kontaktflater som toalettsete, kran på servantar og dørhandtak 2-4 gonger daglig.
       o       Eingongs papirhandkle og såpe skal vere tilgjengeleg til ei kvar tid. Søppel må tømmast regelmessig.
       o       Felles dusj skal haldast stengt (sjå ovanfor)

 

  • På alle andre delar av plassen må det sytast for at gjestar held avstand og at det ikkje er grupper på fleire enn fem som er samla på same stad.

 

  • Plassen bør legge til rette med skilting om avstandsreglar, hygienetiltak m.m. 

 

  • Alle bueiningar bør plasserast slik at eininga har eit naturleg opphaldsområde utanfor som er minst fire meter frå tilsvarande opphaldsområde for tilstøytande bueining.

 

  • I alle fellesområde som resepsjon/kiosk/butikklokale må det settast grense for kor mange som kan opphalde seg samstundes slik at folk ikkje kjem for tett. I slike område er det særskilt viktig å legge tilrette for god handhygiene omkring kontaktpunkt som dørhandtak, bordflater, betalingsløysingar m.m. Betalingsløysingar bør så langt som råd vere utan bruk av kontantar. I dei tilfella ein ikkje kjem utanom kontant betaling, må det vere ekstra fokus på handhygiene. 

 

  • Gjestar på campingplassen har sjølve ansvar for å halde seg til retningslinjene og beskytte seg sjølv og andre mot smitte. Det er viktig at campingplassen gjer informasjon om tiltaka lett tilgjengeleg og synleg. 

 

  • Eit tilpassa informasjonsskriv til gjestar ved innsjekk vil vere ei god løysing.

 

  • Det viktigaste smitteverntiltaket er at personar med luftvegsinfeksjonar ikkje held seg på campingplassen i det heile. Dette kan gjerne spørrast aktivt om ved innsjekk.

 

  • Alle gjestar må registrerast med fullt namn, adresse og telefonnummer, og det må førast oversikt over dette minimum 14 dagar tilbake i tid. Dette er informasjon som kan verte nytta i arbeid med smitteoppsporing omkring evt. påviste tilfelle av smitte. 

 

Situasjonen blir fortløpande vurdert ut ifra smittesituasjonen i området, og det vil kunne bli endringar i råd/vedtak framover. 


 

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset