Mange pasientar og brukarar i helse-og omsorgsinstitusjonane er særs sårbare for smitte med Covid-19 på grunn av alder og enkelte kroniske sjukdomar. Vi ønskjer å legge til rette for besøk, samstundes som vi må unngå at vi får smitte inn i institusjonane. Det er difor innført besøksrestriksjonar og rutiner for besøk.
Før besøk
• Besøk må alltid avtalast på førehand.
• Person med Covid19 (truleg eller bekrefta smitte, eller er i karantene), kan ikkje komme på besøk.
• Person som har vore i utlandet eller område i Norge med høg førekomst av smitte med covid-19, bør ikkje komme på besøk
før 10 dagar etter heimkomst.
• Person med luftvegssymptom, kan ikkje komme på besøk.
• Person som testast for Covid19, kan ikkje komme på besøk før negativt prøvesvar foreligg og er symptomfri.
Under besøk
• Besøkande må alltid skrive seg inn i besøksprotokollen.
• Handhygiene: besøkande skal vaske hender / spritvask ved ankomst, også ved besøk utandørs.
• Besøkande som kan besøke på rommet, skal ein gå direkte til og frå rommet og ikkje opphalde seg i fellesareal.
• Besøkande skal halde minst 1 meter avstand til ansatte og andre pasienter/beboare.
• Besøkande bør også halde minst 1 meter avstand til den dei besøker, men det kan gjerast lokale vurderingar.
• Pasienter/beboere kan ta imot gåver, blomster og liknande så lenge god håndhygiene blir fulgt.
• Om besøkande har med mat skal handhygiene utførast før maten blir servert.
• Besøkande skal ikkje nytte kjøkken på institusjonen.
• Pasienten/beboaren bør utføre handhygiene når den besøkende forlater rommet.
• Besøk utanfor institusjon må avklarast med leiar og det må skje i samsvar med gjeldande nasjonale smittevernråd og det er
viktig at pårørande gjer seg godt kjende med desse i forkant.
• Besøkande som får symptom på Covid19 i etterkant av besøk, skal ved prøvetaking opplyse at dei har vore på besøk på
institusjonen som del av smitteoppsporinga
Helsing leiinga på Svelgen Omsorgssenter, Bremanger sjukeheim, Haugetun og Klokkartunet.