Vil du ta norskprøve?

Vi held norskprøve på rådhuset!

Munnleg norskprøve - måndag 20.05.2019

 

Vi arrangerer munnleg norskprøve for deg som ikkje har norsk som morsmål, og som skal søke på høgskule eller universitet i Noreg.
Om du skal søke permanent opphald eller norsk statsborgerskap i Noreg treng du munnleg norskprøve.  

Prøva vert halden på rådhuset. Det kostar 1000 kroner å ta prøva. 

 

Skriftleg norskprøve - tysdag 21.05.19 eller onsdag 22.05.19

 

Skriftleg norskprøve er lesing, lytting og skriving. Prøva er for deg som ikkje har norsk som morsmål, og skal studere på høgskule eller universitet i Noreg. 

Prøva vert halde på vaksenopplæringa sine lokale på Rise i Svelgen. 

Denne prøva kostar 1000 kroner for alle tre delprøvane. Dersom du kun vil ta ein del, så koster det 400 kroner. 

 

Statsborgarskapsprøve og samfunnskunnskapsprøve

 

Vi har òg moglegheit til å halde statsborgarskapsprøve og samfunnskunnskapsprøve. Det vert satt opp dersom nokon viser interesse. 

Kvar av desse prøvene kostar 500 kroner per stykk. 

 

Påmelding og betaling


Dersom du ønsker å melde deg opp til ein av prøvene, må du snarast råd, og seinast 26.04.2019 melde i frå til
Gunn Heidi Hansen på tlf. 458 71 384. 
Du kan sende ein SMS med desse opplysningane: 
Namn, adresse, fødselsdato, e-post adresse og kva prøve du ønsker å ta. 

 

Vi sender ut faktura i etterkant av prøva. 

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset