Vedteke planprogram Breivika

Kunngjering av vedteke planprogram for reguleringsplan Breivika industriområde, Svelgen, plan-id 1438.2016.02

Bremanger formannskap har i møte den 01.06.17 sak FSK-067/17 vedteke planprogram for detaljreguleringsplan for Breivika industriområde, jfr Plan- og bygningslova § 4-1.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for opparbeiding av næringsareal på nordsida og sørsida av fylkesvegen i Breivika.

Planprogrammet legg føringar for planprosessen og arbeidet med reguleringsplanen. I konsekvensutgreiinga til planen blir nærmiljø, friluftsliv og naturmangfald vektlagt.

Planprogrammet kan ein sjå i hallen på rådhuset. Vedtak av planprogram kan ikkje påklagast.

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset