Varsel om planoppstart - Robertmarka, gbnr 4/16, Kalvåg

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – privat forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er gbnr 4/16 i Kalvåg, Bremanger Kommune. Tiltakshavar for detaljreguleringa er Jon Inge Vestby og Ragna Elise Vestby Solberg.

Formål/bakgrunn for planarbeidet:
Hovudformålet med planarbeidet er tilrettelegging for etablering av nye bustadar, der ein legg opp til tett bustadbygging (som til dømes mindre leilegheitsbygg/4-mannsbustad) i øvre del, og lågare bustadar/einebustadar i nedre del av område.


Nye bustader er tenkt tilpassa landskap og bygningsmiljø rundt. Utforming av tiltak inkl. byggehøgde vil bli vurdert i forhold til landskap, terreng og omgjevnadar, då òg nabotomter. Det vil i planarbeidet bli lagt vekt på god landskapstilpassing og funksjonelle løysingar med god arkitektur. Planlagde tiltak med tilrettelegging av bustadar vil vere med å styrke sentrumsfunksjonane i Kalvåg. Då prosjektet er i oppstartsfasen er det ikkje utarbeidd detaljar i høve moglege tiltak.


Området ligg innanfor eldre reguleringsplan for Kalvåg (datert 25.10.2000, PlanID: 1438.1998.02), og er regulert til formål for bustadar. Aktuelt planområde er i hovudsak gbnr. 4/16 (B15) med tilgrensande friområde (F1 og F4) og regulert tilkomstveg i eldre reguleringsplan for Kalvåg. Planlagde tiltak er vurderte å falle inn under formål i gjeldande reguleringsplan.


Vegareal i aust er teken med for vurderingar av tilkomst til planområdet, samt for evt. justeringar då etablert veg avviker noko frå regulert vegtrasè. Planavgrensing omfattar såleis gbnr. 4/16, 4/26, og delar av 3/22, 4/8, 4/12, 4/25, 4/50, 4/29 m.fl.


Mot vest er delar av Steinsetvegen inkludert for vurderingar kring løysingar for tilkomstveg, samt sikre evt. behov for siktsoner. Siktsoner i eldre reguleringsplan er tatt med, og planområdet vil derfor også inkludere delar av gbnr. 4/20 og 4/19. Varsla planområde utgjere om lag 20 daa, der endeleg planavgrensing kan bli justert i planprosessen.

 

Det er ikkje registrert kulturminne eller viktig naturområde innanfor planområdet. Området er i dag delvis utbygd. Ut i frå informasjon frå lokale, skal det ha vert utført kulturminneundersøkingar innanfor delar av aktuelt område ved tidlegare høve.

Innanfor området renn ein bekk, og delar av planområdet ligg såleis innanfor aktsemdområde for flaum i NVE-atlas. Sikringstiltak mot flaum og erosjon frå bekk vil verte vurdert i planprosessen, for å kunne utnytte arealet på best mogleg måte.


Utgreiingsbehov:
Det er gjennomført oppstartsmøte med Bremanger kommune den 21.05.2021. Kommunen vurderer planarbeidet til å vere i tråd med formål i overordna plan og stillar difor ikkje krav om konsekvensutgreiing i planarbeidet. Tema som vil bli vurdert i planarbeidet er blant anna; Landskap og estetikk, trafikktryggleik, folkehelse, born og unge, funksjonshemma og eldre, kulturminne/kulturmiljø, m.fl. Verknad av desse vil bli vurdert i planomtalen i tillegg til utarbeiding av ROS-analyse.


Vurdering i høve forskrift om konsekvensutgreiing:
Formål med planarbeidet, og forslag til planformål, er vurdert å samsvare med overordna plan, og fell såleis ikkje inn under forskrifta §6, vedlegg 1. Planen gjeld tiltak etter plan- og bygningslova, og fell såleis heller ikkje inn under forskrifta §7. Vidare er det vurdert at plantiltak ikkje fell inn under vedlegg 2, at tiltaka ikkje vil føre med seg vesentleg verknad for miljø eller samfunn etter forskrifta §10, og at planen då heller ikkje fell inn under forskrifta §8.

 

Planarbeidet er på dette grunnlag vurdert å ikkje falle inn under forskriftas saklege verkeområde, og dermed heller ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU).


Medverknad og høyringsfrist:
Partar i plansaka (fagmynde, grunneigarar/naboar mf.l) vert med dette inviterte til å kome med innspel gjennom varsling og kunngjering av planoppstart. Det vert lagt opp til tett dialog og avklaringar med aktuelle fagmynde undervegs i planprosessen etter behov.

 

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til
iVest Consult as, innan 09.07.2021.

 

Klikk for stort bilete 

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

 

  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95 98 29 99
    Ytre, tlf. 95 98 87 12
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset