Varsel om oppheving av eldre reguleringsplanar, Bremanger kommune

I samband med revisjon av arealdelen til kommuneplanen for Bremanger kommune er eldre reguleringsplanar og kommunedelplanar gjennomgått for å vurdere kva planar som ikkje lenger bør gjelde.

Formannskapet gjorde 24.06.2022, sak FSK-060/22 vedtak om å starte prosess for oppheving av 16 eldre reguleringsplanar i samsvar med plan- og bygningslova §12-14.

 

I medhald av plan- og bygningslova §§12-8 og 12-14 varslar Bremanger kommune om reguleringsendring – oppheving av fylgjande reguleringsplanar (planid og namn):

1438.2009.10 Bremangersambandet 2 Sørdalsbotnen deponiområde

1438.2009.09 Bremangersambandet 2 Bortnen-Sørdalsvatnet endring

1438.2007.02 Bremangersambandet 2 Kolset-Bortnen

1438.2007.01 Bremangersambandet 2 Bortnen-Sørdalen

1438.2003.03 Åskora, Yksnelvane,Bjørndalen, anleggsveg

1438.2002.01 og 1438.2003.02 Gloføk hyttefelt, med mindre endring

1438.1997.03 Reguleringsplan for anleggsveg og masselager Krakevik

1438.1997.02 Reguleringsplan for rassikring Magnhildskaret

1438.1996.02 Veg til Berleneset

1438.1995.04 Reguleringsplan massedeponi Berlepollen

1438.1995.03 Reguleringsplan massedeponi Haukedalsstranda

1438.1994.04 Myklebust kryss

1438.1989.02 Reguleringsplan for pelsdyrgard på Varpe

1438.1988.02 Langesjø hyttegrend, utbyggjingsplan

1438.1977.02 Reguleringsplan for bustadfelt på Ryland

 

Dette er planar som er ferdig utbygt, private planar som er eldre enn ti år utan at det er gjort tiltak, planar som ikkje lenger er aktuelle og planar som er i konflikt med eller har store manglar etter dagens regelverk.

 

Planar nyare enn år 2000 er vist med omriss i planregisteret https://kommunekart.com/klient/bremanger (Vel «Kartlag» og «Reguleringsplan»). Dersom du ynskjer informasjon om dei eldre planane må du kontakte kommunen.

 

Dersom du har innspel til planendringa/opphevinga må dette sendast skriftleg til Bremanger kommune, Pb. 104, 6721 Svelgen eller post@bremanger.kommune.no innan 12.september 2022. 

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95 98 29 99
    Ytre, tlf. 95 98 87 12
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset