Vårryddedagen

Bli med på Vårryddedagen 18. mars!

Laurdag 18. mars er det den nasjonale Vårryddedagen, en nasjonal ryddedugnad for å gjere naturen fri for eigarlaust avfall på avvege.

Vi er avhengig av hjelp frå frivillige, både for å gjere naturen fin til vår og sommer, og ikkje minst for å rydde før sjøfuglane kjem for å hekke på holmar og skjær langs kysten vår.

 

I den forbindelse ønskjer Fjordane Friluftsråd og Hold Norge Rent å ha med så mange som mogleg på ryddedugnad, og invitera lag, organisasjonar, privatpersonar og skular til å arrangere sin eigen ryddeaksjon. Dykk kan rydde både på strand/fjære, vassdrag og i by/bygd.

Dersom ein ønskjer å rydde andre dagar enn 18. mars er ein hjarteleg velkomen til det også så lenge det er før 15. april. Nokon stadar er det fortsatt snø, og dermed kan ein utsette ryddinga til den er vekk.

 

Hent utstyr nær deg

Hent ryddesekk og ryddehanskar hos eit av utleveringsstadane våre (typisk kommunehus, renovasjonsselskap eller lokal butikk, sjå Fjordane friluftsråd si heimeside for utleveringsstad nær deg.

 

Bestill gratis utstyr

Det kan òg bestillast ryddeutstyr gratis på Hold norge rent sine heimesider. 

 

Kvar gjer eg av avfallet?

Vi organisera innleveringsplassar for eigarlaust avfall i alle våre medlemskommunar. Finn din kommune på vår nettside.

Før du levera avfallet må du opprette ein ryddeaksjon i Rydde. Er du/dykk ny på strandrydding, eller lura på kva ein bør tenke på når dykk skal rydde? Les meir på vår nettside.

 

 

Bilde av tre strandrydderar - Klikk for stort bilete

 

 

 

logo image- Plukk søppel og vinn premier

 

Når dykk ryddar kan dykk vere med i trekninga av mange fine premiar. Dette gjer de slik:

 

  • Her kan du hente og levere inn Kystlotteriets ryddesekker.
  • Scan QR-koden på sekken eller klikk på lenka under og følg instruksjonane for å registrere sekken og motta lodd
  • Lever sekken til godkjent avfallsmottak, utsatt container eller avtal handtering med Fjordane Friluftsråd.
  • Registrer aksjonen på www.ryddenorge.no eller bruk rydde-appen på mobil. Knytt aksjonen til Fjordane Friluftsråd!
  • Del gjerne bilde av ryddeaksjonen på sosiale medier med #fjordanefr #kystlotteriet
 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset