Vaksinasjonsstatus i Bremanger

  

Fram til i dag har 514 personar i Bremanger kommune vorte vaksinert med dose 1. Av desse har 246 personar også fått dose 2.

 

Fram til no har Bremanger kommune motteke to ulike vaksiner: Pfizer og AstraZeneca. Det er for tida pause i høve bruk av Astra Zeneca.

 

I påskeveka får vi 20 hetteglas med vaksine. Det er 6 dosar i kvart glas. Noko vil verte nytta til dose 2 og noko til dose 1. I veka etter påske har vi fått varsel om at vi får 20 hetteglas med Pfizer si vaksine. Dette er positivt, då vi altså får 240 doser dei to neste vekene. Vi fordeler dosene til dei to legekontora og til kommunalt vaksinasjonsteam etter nasjonale retningslinjer.

 

Innbyggjarar som har fastlege i Bremanger kommune vert kontakta av legekontora når dei får tilbod om vaksinasjon.

 

Dei som ikkje har fastlege i Bremanger kommune, og oppheld seg her,  takkar ja til tilbod om å få vaksine ved å ringe til Servicekontoret, telefon 577 96300.  Personar med fastlege på Hauge eller i Svelgen vert kontakta av sitt legekontor med tilbod om vaksine.

 

For alle gjeld det at de vert kontakta og kalla inn når det er dykkar tur. Vi er i gang med å vaksinere innbyggjarar og dei som oppheld seg her i aldersgruppa 75-84 år.

 

Vi prioriterer og fordeler vaksine etter nasjonale retningslinjer, les meir på: https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/koronavaksine.

 

Vi veit ikkje kor mange vaksinedoser vi får framover etter denne og neste veke. Derfor kan vi ikkje informere om når det er din tur, men du vert kontakta!

 

Klikk for stort bilete Klikk for stort bilete 

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

 

  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95 98 29 99
    Ytre, tlf. 95 98 87 12
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset