Treng du legehjelp?

Når du treng legehjelp, kven skal du ringe?

  • Fastlegen din i opningstida på kvardagar: 
    Svelgen legekontor, kl. 09.00 - 15.00, tlf. 57 79 64 00
    Hauge legekontor, kl. 08.00 - 15.00, tlf. 57 79 66 70
  • Legevakt 116 117 når hjelpa ikkje kan vente.
    Legevakt som før 08-22 alle dagar
    Legevakt-Satellitt 22-08 alle dagar
  • 1 1 3 når det er akutt og står om liv.

 

Legevakt-satellitt

I Bremanger kommune har vi frå 1. oktober Legevakt-satellitt som er organisert under SYS IKL
(Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale Legevakt).

 

Du kjem på legevaktsatellitten etter at du har vore i kontakt med 116 117.

Legevaktsentralen vil gjere ei medisinsk vurdering og deretter avgjere om du skal få tilbod om å møte på satellitt eller om du skal reise direkte til legevakt i Førde.

Lokalisasjon vil du få opplyst. Vi har legevaktsatellittlokale ved Svelgen Omsorgsenter.

 

Legevakta si oppgåve er å gje deg hjelp med helseproblem som ikkje kan vente til vanleg kontortid.

 

Betaling etter satellittbesøk:

  • Pasientar som har smartphone får SMS  med rekning. Denne er gebyrfri og må betalast innan 11 timer. Etter dette kjem påminning med gebyr.
     
  • Pasientar som ikkje har smartphone får tilsendt gebyrfri faktura.
     
 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset