Tilskot til utsiktsrydding

Tilskot til utsiktsrydding vert avvikla ved nyttår. Etter at innkomne søknader er handsama står det att ca 1 mill kr til fordeling i 2019, og søknader med rydding av areal som skal beitast vil bli prioriterte. Innsendingsfristen for søknader til Fylkesmannen er 1. oktober. Fylkesmannen vil i nær framtid publisere ein nettartikkel om dette.

Fylkesmannen vil prioritere arbeidet med søknader om midlar til utsiktsrydding denne hausten. Vi har ein del søknader liggande, men det er midlar til fleire. Etter Jordbruksoppgjeret 2019 gjeld dette for ordninga: 

  • Tilskot til utsiktsrydding skal avsluttast som tilskotsordning ved nyttår
  • Prosjekt som har arbeidsfrist i 2020 eller seinare får halde fram og kan ferdigstillast innan arbeidsfrist fastsett i løyvingsbrev (også mogelegheit med eitt års forlenging i høve til arbeidsfrist fastsett i løyvingsbrev)
  • Restmidlar i fylkesrammene vil bli inndrege av Landbruksdirektoratet ved nyttår
  • Restmidlar i prosjekt med utgått arbeidsfrist vil bli inndrege av Landbruksdirektoratet ved nyttår dersom prosjekta då ikkje er avslutta og dei heller ikkje har søkt om og fått utsett arbeidsfrist. For at arbeidsfristen skal kunne utsetjast må det vere mindre enn 3 år sidan dateringa i løyvingsbrevet, då det maksimalt kan gjevast 3 års arbeidsfrist
  • Det kan ikkje løyvast midlar til nye prosjekt innan utsiktsrydding etter at fagsystema er stengt i desember

 

Landbruksdirektoratet har gjeve Fylkesmannen mogelegheit til å slå saman rammene for Sogn og Fjordane og Hordaland der det til saman er att ca 1 mill kr når innkomne søknader er handsama. Desse restmidlane vert difor frå og med 1.september samla i ein felles pott, og søknadane vil bli handsama i den rekkefølga dei kjem inn til Fylkesmannen.  Regelverket er uendra, men søknader der arealet skal beitast i etterkant av utført rydding vil bli prioriterte, jf retningslinjene om kriterium for prioritering av søknader. 


Oppmodingar:

  1. Dersom de kjenner til aktuelle prosjekt for utsiktsrydding i dykkar kommune, er det bra om de oppmodar potensielle søkarar om å søke i haust i og med at tilskotsordninga skal avsluttast ved nyttår. Søknadane skal stilast Fylkesmannen, men sendast til kommunen for uttale og kontroll av at kart og anna dokumentasjon er tilfredsstillande før oversending til Fylkesmannen. Innsendingsfrist frå kommunane til Fylkesmannen er 1. oktober.
  2. Dersom de kjenner til uavslutta prosjekt innan utsiktsrydding med utgått arbeidsfrist før nyttår, er det bra om de informerer dei om inndraging av midlar ved nyttår og mogelegheita for å søke om utsett arbeidsfrist. Fylkesmannen tek og sikte på å sende varsel til desse i løpet av hausten, men me er ikkje pålagt å gjere det, så det blir eit spørsmål om omfang av saker og ressursar/tidsbruk frå vår side.

 


Informasjon:
Nærare informasjon, søknadsskjema, rettleiing til utfylling til av søknadsskjema og forskrift finn de samla her.

 

 

Tips: Kombiner beiterydding og utsiktsrydding
I mange tilfelle kan utsiktsrydding vere heilt eller delvis samanfallande med rydding av beite, så sant beitet ligg langs ein veg som er open for allmenn ferdsel. Sogn og Fjordane har hatt veldig mange søknader av denne typen, medan det har vore lite av det i Hordaland. Dersom arealet som skal ryddast skal nyttast til beite etter rydding, er kravet til utsikt til jordbruksareal oppfylt; utsikt til innmarksbeite i drift. Det er derimot berre den delen av beitet som ein kan sjå frå vegen eller stien som ein kan søke om utsiktsryddingsmidlar til, men til ryddinga av resten av beitet kan ein vurdere å søke om SMIL-midlar. For den delen av beitet som gjev auka utsikt frå vegen, og som vert godkjent som utsiktsrydding, vert det mange gevinstar å hente:

  • Inntil 70% finansiering av ryddearbeidet
  • Virket kan nyttast som ved/bioenergi til eige bruk eller sal
  • Meir beite/større beiteareal
  • Auka arealtilskot viss tiltaket er ny-etablering av beite
  • Auka arealtilskot viss tiltaket gjev omklassifisering av rydda areal frå skog til beite
  • Betre beitekvalitet pga auka solinnstråling til botnvegetasjonen
  • Betre utsikt til jordbruket sitt kulturlandskap for ålmenta

 

Med venleg helsing
Liv Astrid Nordheim Kusslid
seniorrådgjevar

Fylkesmannen I Vestland
 

 

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset