Tilskot til bustadbygging

Kommunestyret i Bremanger vedtok 19.09.2019 å innføre nytt tilskot til bustadbygging frå 01.01.2020 etter desse retningslinene:

  1. Tilskotet skal nyttast til bygging av heilårsbustad.
  2. Avgrensa tilskot (25 % av tilskotssummen) kan gjevast ved kjøp av nybygt husvære i fleirbustadbygg. Husværet må nyttast til heilårsbustad.
  3. Ordninga omfattar ikkje påbygg, tilbygg eller renovering av allereie eksisterande bustad.
  4. Søkjar må vere eigar av bustaden.
  5. Bustaden skal ikkje nyttast til næring eller kortidsutleige som Airbnb og liknande.
  6. Tilskotet vert gjeve med pant i bustaden, og vert nedskrive med 20 % kvart år.
  7. Den som mottek tilskotet må busetje seg i bustaden, og stå med folkeregistrert adresse i Bremanger kommune.
  8. Ein husstand kan kun få tilskot ein gong.
  9. Dersom bustaden vert seld eller fråflytta innan 5 år frå motteke tilskot må del av tilskot som ikkje er nedskrive betalast tilbake.
  10. Bygging av bustad må vere begynt innan 1 år etter innvilga tilskot. Dersom ikkje fell tilskotet bort. 
  11. Utbetaling av tilskotet skjer etter framlagt ferdigattest. Søkjar må vere registrert busett i kommunen ved utbetaling av tilskotet.
  12. Søknader vert avgjort av rådmannen, med klagenemnda som klageinstans.
  13. Ordninga gjeld frå 01.01.2020, og bustader som er tekne i bruk før 01.01.2020 er ikkje omfatta av ordninga.
  14. Ordninga og tilskotsbeløpet skal evaluerast årleg.

 

Tilskotet er sett til 200 000 kroner for bustadhus og 50 000 kroner for kjøp av nybygd bustad i fleirbustadbygg. 

 

Slik søker du

Søknad om tilskot kan sendast til Bremanger kommune på e-post til post@bremanger.kommune.no eller per post til Bremanger kommune, postboks 104, 6721 Svelgen.
Du kan søke, og få tilsagn om tilskot, ved planlagt bygging, men tilskotet vert ikkje utbetalt før du kan legge fram ferdigattest for bustaden.

Søknad må innehalde opplysningar om kor bustaden skal byggast, kor tid du vil flytte til kommunen, dersom du ikkje allereie har folkeregistrert adresse i Bremanger kommune, og kva kontonummer tilskotet skal betalast ut til.  

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset