Tilskot frå Guleslettene vindkraft

Søknadsfrist 01. mars.

Vilkår

Tilskotet skal ikkje gå til dagleg drift av lag eller organisasjonar. Aktuelle lag og organisasjonar som driv kulturarbeid, kan få tilskot til å gjennomføre større prosjekt. Med kulturarbeid meinast tradisjonelt kulturarbeid som teater, musikk, barne- og ungdomsarbeid, idrett og andre fritidstilbod.

 

Lag og organisasjonar som primert tek vare på yrkesmessige og økonomiske interesser til medlemmane, politiske parti og ungdomsorganisasjonar, samt organisasjonar der ein sentral del av verksemda er å samle inn midlar til andre formål enn kultur, vil ikkje verte tildelt tilskot.

 

Andre vilkår for å få tilskot er følgande:

  • Tilskotet delast ut til frivillige lag og organisasjonar. Lag og organisasjonar med born og unge under 20 år vert prioritert.
  • Tilskotet skal gå til aktivitetar/prosjekt som utløyser aktivitet for fleire barn og unge
  • Tilskotet skal stimulere til arbeid i frivillige lag og organisasjonar og oppmuntre dei til positive tiltak
  • Guleslettene Vindkraft skal omtalast/merkast som sponsor når det er motteke pengar frå tilskotsordninga
  • Søkar må sende søknad på riktig skjema og innan fristen. Hovudlaget/hovudorganisasjonen må stå som søkar.
  • Tilskotet skal gå til aktivitet/prosjekt som utløyse aktivitet for fleire born og unge og skal stimulere til arbeid i frivillige lag og organisasjonar og oppmuntre desse til positive tiltak.
  • Guleslettene Vindkraft har anledning til å stille ytterlegare krav for tildeling av tilskotet.

 

Søk om tilskot frå Guleslettene vindkraft her

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset