Telefonvarsling til innbyggjarar

Sjekk oppføringa di!

Bremanger kommune tok i januar 2016 i bruk telefonvarsling til innbyggjarane. Via UMS ServiceVarsling (levert av UMS – Unified Messaging Systems AS), vil kommunen sørgje for at du får beskjed via telefon eller SMS ved planlagt vedlikehald av leidningsnettet, uventa stans i vassforsyninga eller ved kokevarsel/-påbod. Også i andre situasjonar kan det vere aktuelt å nytte systemet for å nå ut til innbyggjarane med viktig informasjon.

Varslinga skjer ved at det blir sendt ut SMS til alle mobiltelefonar, og ei automatisert talemelding til dei kontaktpersonane som kun er registrert med fasttelefon.

 

 

Korleis verkar det?

I samband med avstenging av vatn, lekkasjar, driftsavbrot etc. vil det gå ut ei beskjed om kva som har skjedd eller kva som skal skje. Systemet fangar opp alle registrerte telefonnummer på eigedommar i det råka området.

 

Når du tek telefonen får du beskjed om å taste 1 for høyre ei melding som er lest inn.

På slutten av meldinga blir du bedt om å taste:
1 - for å stadfeste at du har oppfatta meldinga
0 - dersom du ønskjer å få meldinga lest opp en gang til

Dersom du ikkje tastar 1, vil systemet ringje deg opp på nytt (inntil 3 gangar).

 

 

Korleis finn kommunen telefonnummeret mitt?

Adressedatabasen som blir nytta under varsling er ei samanstilling av informasjon frå Folkeregisteret, nummeropplysning frå alle teleoperatørane og informasjon frå Matrikkelen/eigedomsregisteret. Innbyggjarar under 16 år ligg ikkje i adressedatabasen, og får difor heller ikkje varsel.

 

 

Får eg varsel? Korleis sjekkar eg det?

Du har høve til å kontrollere og endre oppføringa di i UMS sin portal for administrering av kontaktdata (UMS Contact Data Manager) : http://cdm.ums.no

 

Her kan du også registrere deg på ei adresse du ikkje er folkeregistrert på, dersom du for eksempel ønskjer å få varsel ved meldingar som gjeld fritidseigedom eller liknande.

 

Merk at dersom telefonen din er registrert på arbeidsgjevar, må du sjølv legge denne til på den folkeregistrerte oppføringa di for å få varsling på hendingar på heimeadressa.

 

 

Hemmeleg nummer?

Adressedatabasen fangar ikkje opp personar med hemmeleg nummer, og dette betyr at dei ikkje mottar varsling med dagens system. Du som har eit slikt nummer og ønskjer varsling, kan registrere deg i databasen, som blir halden hemmeleg for alle andre.

 

 

Vert verksemder også varsla?

Adressedatabasen som blir nytta under varsling inneheld også adresse og telefonnummer til verksemder. Det kan vere vanskeleg å nå dei rette personane og vi oppmodar difor verksemder til å endre eller legge til nummer og kontaktpersoner som skal varslast ved enkelt å logge inn på UMS Contact Data Manager.

 

Merk at varsel til fasttelefoner skjer via automatisert telefonoppringing. Telefonnummer med automatisk svartteneste eller tasteval for vidarekopling er derfor lite eigna som kontaktnummer for næringsverksemd. Dersom verksemda di er registrert med et slikt nummer, bør nummeret endrast for å vere sikker på at verksemda mottek eventuell varsling.

 

Varslingssystemet er meint som tryggleik for verksemder og institusjonar.
Viss vi skal kunne nå dykk på ein rask og effektiv måte er vi avhengige av hjelp frå dykk.

 

Vi ber derfor om at de registrerer riktig kontaktperson her: http://cdm.ums.no

 

 

Abonnentar med spesielle behov for varsling ved bortfall av vassforsyninga - sårbare abonnentar

 

Bremanger kommune tek spesielle omsyn til såkalla sårbare abonnentar ved endringar i vasskvalitet eller vassmengde. Det er spesielt lav terskel for å varsle denne gruppa, og gruppa vil bli prioritert med varsling ved driftsforstyrringar på vassleidningsnettet. Vi ber verksemder og organisasjonar med særskilt behov for varsling om å registrere adressa som sårbar abonnent i UMS sin portal for vedlikehald av kontaktdata.

 

Tenesta vert spesielt tilbydd til spesielt sårbare abonnentar som:

    • Alders- og sjukeheim
    • Frisørar
    • Hotell
    • Lækjar/helsesenter
    • Næringsmiddelindustri
    • Reinseri/vaskeri
    • Restaurantar/kafear
    • Skule/barnehage
    • Tannlækjar/tannhelse

 

Dersom du høyrer heime i ei av desse gruppene, eller meiner du er spesielt sårbar av andre grunnar, kan du setje adressa di som sårbar abonnent her: http://cdm.ums.no

 

 

Treng du hjelp og rettleiing til å kontrollere og endre oppføringa di i UMS sin portal kan du kontakte servicekontoret ved Bremanger rådhus.

Publisert av Stine Senneset. Sist endra 04.07.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
Krever innlogging: Valgfri innlogging til: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}
{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}} hjelp

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltip']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltipUtenMinId']}}


{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre til skjemaet

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

Kommentar

Totalt 0 stk. kommentarer.
 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset
Login for redigering