Kommunen nyttar Varsling 24 for å varsle husstandar og bedrifter i eit geografisk område via SMS og talemelding til alle innbyggarar over 16 år i ein husstand og alle kontaktpersonar i ei bedrift.
Forutsetninga er at bebuarar er oppført i folkeregisteret med riktig adresse og kontaktinformsajon i kontaktregisteret.
Privatpersonar
Informasjon om privatpersonar hentast i frå folkeregisteret, og kontaktinformasjon blir henta frå det nasjonale kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringskontoret.
Det er anbefalt å legge inn ditt mobiltelefonnummer og epostadresse i dette kontaktregisteret. Dei fleste henvendingar frå det offentlege vil hente kontaktinformasjon derfrå.
Oppdater kontaktinformasjonen din her
Bedrifter
Informasjon om bedrifter hentas frå Enhetsregisteret i Brønnøysund. Ved varsling av bedrifter benytter bedriftas forretningsadresse. Kontaktdata for bedrifter blir hentet frå varslingsadressa som bedrifta sjølv oppgir i Altinn-portalen.
Oppdatering av kontaktinformasjon i bedrifter
Tilleggsregisteret
Tilleggsregister kan nyttast av både privatpersonar og bedrifter som ønsker å motta varsel på ei anna adresse en den adressa som er oppført i offentlige register.
Registrer tillegsoppføring
Har du ikkje blitt varsla?
Er mobilnummeret ditt registrert?
Sjekk at informasjonen din er korrekt i registera.
Har du oppdatert din kontaktinformasjon?
Varsling24 sender ikkje melding til innbyggarar som har "hemmelig nummer". Ønsker du likevel å få varsel må du registrere deg i tilleggsregisteret.