Teater Vestland

Sommarhelsing frå Teater Vestland

Skogspplevingar - ei teateroppleving på øyret

Vi inviterer deg til ei annleis teateroppleving - ein komposisjon med naturen som scenografi.

Lyddesignar og komponist Eirik Havnes og regissør Elisabet Topp har laga ein 20 minutt lang podkast som du høyrer på ute i naturen, og som får deg til å oppleve både det du kan sjå og det du ikkje kan sjå.

Framsyninga hadde premiere 9. juni og er tilgjengeleg der du høyrer podkast. Vi høyrast i skogen!

 

Kinnaspelet

Laurdag 17. og søndag 18. juni er det klart for ei ny helg ute på Kinn. Oda Alisøy har regien på Kinnaspelet for tredje gong i år. Ho kjenner spelet ut og inn. Som amatør har ho hatt ulike roller heilt sidan ho var lita, og som profesjonell skodespelar spelte ho Borni/Sunniva i fem år.

 

Som regissør legg ho spesiell vekt på å utnytte den unike scenografien. For scena på Kinn er mykje meir enn plattingen framfor publikum: Ungane i spelet leikar på grasbakken, bygdefolket leitar langs stranda og oppover fjellsida etter den rømde Borni, vikingskip dukkar opp i horisonten og vikingane kjem herjande over knausane.

Denne helga møter du Oda, 200 frivillige og fem profesjonelle skodespelarar på Kinn.

Bilettar kan du kjøpe her. 

 

Tollak til Ingeborg

Vi lagar teater av Tore Renberg sin suksessroman Tollak til Ingeborg i lag med Riksteateret. “Det er eit uhyre sterkt portrett og eit intenst familiedrama”, meinte NRK om Tore Renbergs roman då han kom ut i 2020. No blir boka teater - dramatisert av forfattaren sjølv.

 

Tollak til Ingeborg opnar teaterhuset Nynorskhuset 28. september 2023. Så skal framsyninga på turné i resten av landet med Riksteatret, før den kjem attende til oss, og vi tar den ut på vegen i Vestland.

Bestill bilettar og sjå speleplan.

 

Torn & Rose i Eventyrland

 

Torn & Rose i Eventyrland er eit samarbeid mellom tre teater og fleire teknologiselskap i Europa. Dei eldste teatertriksa blir blanda med den aller nyaste teknologien for å gi publikum feer, alvedronningar, magiske havskapningar og ein heilt ekte drake. For første gong i Europa blandar vi teater og AR (auka røynd).

 

Stykket har urpremiere til hausten før det skal på turne i tre av landets fylke med Nordland Teater, Teatret Vårt og Teater Vestland.

Passer for alle modige eventyrarar frå 6-100 år. 

Bestill bilettar og sjå speleplan.

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset