Storrydding av Nordfjord - frå fjord til fjell.

Fyrste veka i mai vert det storrydding av Nordfjord - frå fjord til fjell. 

 

 

 

 

Torsdag 3. mai inviterer NRK til ryddedugnad med aksjonen «Hele Norge Rydder». 
Dette er ein aksjon for å få folk til å fjerne forsøpling og flygeavfall som ikkje ligg i fjøra. Les meir om aksjonen
her.

Nomil bidreg med å ta imot avfall kostnadsfritt frå aksjonen på gjenbruksstasjonane våre, torsdag 3. mai. Stasjonane fylgjer vanlege opningstider, gjenbruksstasjonen i Smørhamn har ekstra opningsdag denne dagen. Dermed er alle stasjonane opne, med unntak av stasjonen i Hornindal. 

Avfallet må leverast i gjennomsiktige sekkar frå Nomil. Sekkane kan de hente på førehand på gjenbruksstasjonen. Avfallet i sekkane treng ikkje å vere sortert, alt vert levert som restavfall, men sekkane kan ikkje innehalde farleg avfall (batteri, sprayboksa, reingjeringsmiddel osv), solide ting av metall, store/lange tau og fiskereiskap. Dette må leverast for seg sjølv.

Hugs; det er ikkje meininga at aksjonen skal nyttast til å rydde ut av kjellarar og uthus. Det er forsøpling og flygeavfall som skal leverast!

Laurdag 5. mai er det duka for «Strandryddedagen». 
Denne aksjonen er i regi av Hold Norge Rent. Les meir om aksjonen og korleis du kan delta
her. 

Dette er ein aksjon som fokuserar på ryddinga av strandsoner og områder knytt til vassdrag. Gjenbruksstasjonane til Nomil vil ikkje halde ope denne dagen, men vil i ettertid ta imot sekkar knytt til 
Kystlotteriet kostnadsfritt. Sekkar til dette er tilgjengeleg på gjenbruksstasjonane, og merk at det kun er bruk av slike sekkar som gjev gratis levering av avfallet på stasjonane. 

Kystlotteriet gjeld forøvirg i heile perioden 1.april-31.oktober

 

 

Publisert av Stine Senneset. Sist endra 26.04.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
Krever innlogging: Valgfri innlogging til: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}
{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}} hjelp

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltip']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltipUtenMinId']}}


{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre til skjemaet

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

Kommentar

Totalt 0 stk. kommentarer.
 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset
Login for redigering