Står du i manntalet?

Manntalslistene for Bremanger kommune vert lagde ut frå den 10. juli t.o.m. den 9. september 2019.

For å undersøkje om du står i manntalet, kan du ta kontakt med Servicekontoret på
tlf. 57 79 63 00, eller du kan sjå i manntalet som er lagt ut på Rådhuset i Svelgen.

 
Har du flytta og melding om flytting ikkje er motteken i folkeregisteret innan 30.juni, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta ifrå. Då kan du velje om du vil røyste på valdagen i den kommunen du flytta frå, eller du kan førehandsrøyste i kva som helst kommune i Noreg.

 
Dersom du meiner at du sjølv eller andre urett er innført eller utelaten frå manntalet, kan du krevje at valstyret rettar opp feilen. Krav om retting gjeld i høve til feil, ikkje flyttingar etter 30. juni 2019.

 
Krav om retting skal vere grunngjeven skriftleg. Sendast per e-post til hj@bremanger.kommune.no eller per post til:
Valstyret i Bremanger v/Hilde J. Midtbø
Postboks 104
6721 Svelgen
 

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset